Elektroingeniør

Bachelor

Vil du utvikle teknologi som formar framtida? Som elektroingeniør kan du jobbe med alt frå store generatorar i kraftverk, robotar og kretskort til nettverksteknologiar i framtidas Internett.

Bergen, Haugesund eller Førde

Kvifor bli elektroingeniør?

Elektroteknologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman.

Elektroingeniør kan du studere i Bergen, Haugesund eller Førde. Du kan også studere elektroingeniør på deltid som eit nett- og samlingsbasert studium med samlingar i Førde.   

Velg spesialiseringa som passar deg

Studerer du til å bli elektroingeniør kan du velgje mellom fire spesialiseringar: Elkraftteknikk (Bergen og Førde deltid), automatisering (Bergen, Førde og Haugesund), elektronikk (Bergen), og cyberfysisk nettverksteknologi (Bergen). Du kan lese meir om spesialiseringane inne på kvar campusside. 

Det første studieåret er felles for dei fire retningane og du kan bruke det første året til å bestemme deg for spesialisering. Alle spesialiseringane vil starte opp og du kjem inn på spesialiseringa du vel. Ønskjer du å byte campus i løpet av studiet kan du søke om overflytting, dersom du kom inn via Samordna opptak.

Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

Har du fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta elektroingeniør gjennom y-vegen. Her går du eit tilpassa løp og startar med matematikkurs i juni. Elektroingeniør gjennom y-vegen kan du ta ved campus Bergen, Førde og Haugesund.   

Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Elektroingeniør gjennom TRES kan du ta ved campus Bergen, Førde og Haugesund.   

Les meir om vegane inn til denne ingeniørutdanninga, ved å ta forkurs, realfagskurs, y-vegen eller tresemesterordning.

Martin har aldri tvilt på at han ønskjer å jobbe innan automasjon. No, etter tre år på HVL, har han fått kjenne på korleis det er å jobbe med det han trivst best med: robotar.

Møt Martin

Har du fagskuleutdanning?

Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?

Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du utdanninga over 2 år.