NAB3021 Kulturforståing
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kunnskap om korleis vi menneskjer
- skaper meining i tilværelsen,
- bruker denne meininga til å danne felleskaper,
- lager strategiar for å oppnå ting og opplevingar som vi finn verdifulle.
Resultatet av at menneskar skaper meining er at det oppstår en rekke mønstre av etablerte meningar. Slike mønstre av etablert meining kallas også "kultur". I konkrete situasjonar der menneskar må forstå kva som skjer nyttar de sine kulturelle ressursar (altså bruker sine kunnskapar om de etablerte meiningane), samt at de tilpassar, endrar og finner opp nye meinings-element slik at den konkrete situasjonen gir meining. Dette faget gir studentane en innføring i korleis menneskar til ein kvar tid lager meiningsfulle her-og-må situasjonar ved at dei BÅDE nyttar etablert (kulturell) meining OG ved å skape ny meining som passer til den unike situasjonen man til ein kvar tid står i. Faget viser studentane at når man skal forstå (tolke) meiningsinnhaldet i det menneskar seir og gjer i konkrete situasjonar må man identifisera både de kulturelle og de individuelle (kreative) komponentane av det som blir sagt og gjort.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
- Kan gjere greie for grunnleggjande omgrep og teoriar om kultur og korleis kulturar er med og påverkar menneske sine handlingar i spesifikke situasjonar.
- Kan gjere greie for grunnleggjande sosiologiske/antropologiske omgrep og teoriar om menneskeleg samhandling og kvifor menneske handlar som dei gjer.
- Utvikla medvite rundt og kan eksemplifisere interkulturell kommunikasjon og nokre av dei vanlegaste årsakene til at slik kommunikasjon bryt saman (dvs stereotypisering, "othering", diskriminering).
- Ha kjennskap til grunnleggjande omgrep om globalisering og kan skildra korleis globaliseringsprosessar er med på å skape nye likskapar og skilnadar mellom menneske.
- Ferdigheitar:
- Kunna nytta teori for å synleggjera kvifor menneske handlar slik dei gjer.
- Kunna nytta teori for å forstå korleis kultur påverkar andre sine handlingar.
- Kunna reflektera over kulturelle utfordringar knytt til leiing.
- Generell kompetanse:
- Er i stand til å reflektera over eigne handlingar og identifisera korleis eigne kulturelle førestellingar medverkar til god eller dårleg kommunikasjon.
- Har evne til å forstå eigne og andre menneske sine strategiar for å oppnå det ein ønskjer å oppnå, samt å kunna revurdera eigne strategiar dersom desse leiar til konfliktar med andre.
- Er i stand til å endra dei kulturelle førestellingane dei har dersom det kan betra kommunikasjonen med andre.
- Skjønar at interkulturell kommunikasjon sjeldan er enkelt og aldri har fasitsvar.
- Har innsikt i eigen kulturell og sosial identitet og korleis den kan bidra til god eller dårleg kommunikasjon.
- Kunna reflektera over eigen og andre sine reaksjonar på ei rekkje skilnadar mellom menneske.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggande samfunsvitenskaplege kunnskaper tilsvarande NAB 1028
Undervisnings- og læringsformer
Forelesing, gruppearbeid, diskusjonar i plenum og presentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja (spesifiseres i semesterplanen ved semesterstart).
Vurderingsform
Mappe (3 element), 100%
I og med denne evalueringsforma blir det ikkje opna for såkalle "kontinusjonseksamen". For studentar som ikkje består en eller flere av mappelementene vil det kun gis høve til å forbedre elementet (elementane) neste gang faget blir arrangert.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle trykte og skrivne hjelpemidler tillatt.
Meir om hjelpemiddel