Hopp til innhald

BØA113 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Bedriftsøkonomi med rekneskap inneheld to delar: ein del innan rekneskap og ein del innan bedriftsøkonomi. I rekneskapsdelen skal ein gjera studentane i stand til sjølve å kunne føre ein enkel rekneskap. I bedriftsøkonomidelen skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter slik at dei kan hente inn, analysere og kommunisere relevant informasjon som grunnlag for å ta gode val til beste for bedrifta. 

Kurset inneheld:

  • Balanselæra
  • Praktisk rekneskapsføring
  • Registrering av forretningstilfelle
  • Periodisering
  • Presentasjon av finansrekneskapen
  • Innføring i målereglar og god rekneskapsskikk
  • Kostnadsomgrep
  • Kostnadsfordeling og kalkulasjonsprinsipp
  • KRV-analysar
  • Bedriftsøkonomiske avgjerdsproblem
  • Prisavgjerer og marknadstilpassing
  • Produktval med ingen og med ein knapp faktor

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane kjennar:

  • føremålet med ein finansrekneskap
  • standard kontoplan
  • samanhengen mellom transaksjonar og den innverknaden desse har på resultat og balanse
  • omgrepa utgifter, kostnader, utbetalingar, inntekter og innbetalingar
  • effektar av behaldningsendringar
  • den rolla som økonomifunksjonen har i bedrifta og kunne drøfte dei grunnleggande trekka ved økonomisk styring av verksemda
  • kostnadsomgrepet og kostnadars variabilitet
  • ulike prinsipp for produktkalkulasjon
  • dei grunnleggande føresetnadene for og manglane ved dei tradisjonelle kalkulasjonsmetodane

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • bokføre dei mest vanlege transaksjonane, mellom anna meirverdiavgift
  • gjera vanlege periodiseringsposteringar 
  • gjennomføre eit årsoppgjer med enkle posteringar i samband med årsoppgjeret og disponering av resultat
  • gjennomføre kostnads-, resultat- og volumanalysar
  • gjera enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang
  • utarbeide kalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet 
  • identifisera relevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike utfordringar med fokus på å ta gode val
  • finne korleis bedrifter bør tilpasse seg i ulike marknadssituasjonar

Generell kompetanse

Studenten har grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar og oppgåveseminar

Obligatorisk læringsaktivitet

To arbeidskrav - innleveringar eller anna aktivitet

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen 4 timar.

Eksamen kan bli gjennomført på digitalt eksamenssystem.

Hjelpemiddel ved eksamen

Særtrykk av Regnskapsloven

Utdrag fra lovsamling

Alle kalkulatormodeller er tillatt, med følgende unntak

- kalkulatoren skal ikke ha mulighet for mottak/sending

- kalkulatoren skal ikke kunne behandle symbolske matematiske uttrykk

- kalkulatoren kan ikke kobles til strømnettet

- kalkulatoren må ikke lage støy

https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØBO002 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØ6-101 - Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØ6-1000 - Innføring i bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BØ6-1001 - Finansrekneskap 1 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • ØKB1005FORØK - Grunnleggjande bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ØKB1001FORØK - Bedriftsøkonomi I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1101 - Finansrekneskap - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • ØKB1102 - Innføring i Bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ØKB1110 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ING101 - Teknologileiing, økonomi og nyskaping - Reduksjon: 3 studiepoeng
  • INGB3008 - Økonomi for ingeniører - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING2040 - Økonomi for ingeniørar - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING2004 - Økonomi for ingeniørar - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ØKB019FOREØK - Grunnleggjande bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ØKB019 - Grunnleggjande bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA002 - Grunnleggjande bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA068 - Bedriftsøkonomisk analyse I - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB1015 - Bedriftsøkonomi I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1005 - Bedriftsøkonomi I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØ6-1012 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ØKB1001 - Bedriftsøkonomi I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØBO001 - Innføring i bedriftsøkonomi og reknskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØ6-1010 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng