Hopp til innhald

MGUNA301 Naturfag 2, emne 1 – Fysikk og kjemi i utdanning for berekraft

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Naturfag 2 er sett saman av to emner, kvart på 15 studiepoeng.

  • Naturfag 2 emne 1 - Den ikkje-levande naturen, framhald.
  • Naturfag 2 emne 2 - Den levande naturen, framhald + FoU oppgåve

Naturfag 2 supplerer naturfag 1 både i breidde og djupne. Miljø og berekraftig utvikling vert vektlagt i kurset.

Fag og didaktikk vert sett på i samanheng og emna som takast opp skal gje fagleg og didaktisk tryggleik for arbeid med sentrale område av naturfaget for steg 5-10 i grunnskulen.

Naturfag 2 emne 1 bygger på Naturfag 1 emne 2.

Gjennom dette emnet får studenten djupare kunnskap innan fysikk og kjemi. Kunnskap innan desse områda vert knytt til teknologi og miljø- og klimaspørsmål. Studenten vidareutviklar og eiga evne til å leie utforskande arbeid og å vidareutvikle elevar sine utforskande ferdigheiter. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskaper

Kandidaten

  • har kunnskap om vêr- og klimasystem både lokalt og globalt og kan drøfte problemstillingar knytt til klimaendringar
  • kan diskutere samfunnsmessige, miljømessige og etiske problemstillingar knytt til ulike fornybare og ikkje-fornybare energikjelder basert på eit naturfagleg grunnlag
  • har kunnskap om ulike stoff og kjemiske reaksjonar, og deira tyding i miljøsamanheng
  • har kunnskap om elektronikk
  • har kunnskap om gravitasjon og elektromagnetisme
  • har kunnskap om teknologiske moglegheiter og utfordringar knytt til kunnskap i kjemi
  • har kunnskap om bruk av ulike modellar som viser størrelsesorden i naturen, frå dei elementære partiklane til galakser
  • har kunnskap om bruk av ulike måleinstrument, måleeiningar og representasjonsformer, og korleis elevar sine rekneferdigheiter i naturfag kan utviklast
  • har utdjupande kunnskap om utforskande undervisning

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan handtere kjemikaliar og lage kjemiske blandingar og løysingar
  • kan vurdere usikkerheit og feilkjelder i målingar
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til problemløysing med og utan digitale verktøy
  • kan legge til rette for kreativ og praktisk undervisning i naturfag og teknologi som gjev god progresjon mellom ulike steg
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan finne, vurdere og vise til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking, informasjon og fagstoff og bruke dette i undervisning og drøfting med kollegaer
  • kan legge opp til ei integrert naturfagundervisning og bruke naturfag som regifag i tverrfaglege samanhengar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i fagdidaktisk forsking om utvikling av evne til kritisk tenking og argumentasjon
  • har innsikt i fagdidaktisk forsking om danninga av omgrep og forståing av faglege samanhengar
  • kan knyte eiga rolle som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som angår naturvitskap og teknologi i samfunnet
  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan for mellom- og ungdomssteget som utgangspunkt for naturfagundervisning

Tilrådde forkunnskapar

MGUNA201 eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på mellom- og ungdomssteget.

Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å bearbeide lærestoffet gjennom kollokvier.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennom semesteret skal studenten fortløpande levere arbeidskrav som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:

  • Oppgåver knytta til praksis
  • Faglig og didaktisk arbeid

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen, 30 min.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Tabellar og formler i fysikk og kjemi, kalkulator

Meir om hjelpemiddel