Hopp til innhald

MGBNA201 Naturfag 1, emne 2 - Fysikk og kjemi for grunnskulen

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Den levande naturen
  • Den ikkje-levande naturen.

Gjennom Naturfag 1 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 1. - 7. steg.

Emnet gjev studenten fagleg tryggleik i tema innan fysikk, kjemi og geologi som er sentrale i naturfag for 1. - 7. steg. Studenten utviklar ferdigheit og generell kompetanse i å introdusere naturfag for dei yngste elevane. Utvikling av elevar si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen. Studenten lærer og å legge til rette for utforskande undervisning. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng. Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • han bruke partikkelmodellen til å konkretisere oppbygging og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
  • har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
  • har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro- og mikronivå
  • har kunnskap om mekanikk og elektrisitet med spesielt fokus på bevaring, overføring og kvalitet av energi og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
  • har kunnskap om bølger, lyd og lys og kjenner til aktuelle forsøk og aktivitetar som eignar seg for praktisk og variert undervisning av dei yngste elevane
  • har kunnskap om korleis modellar for solsystemet kan introduserast for elevar på barnesteget og gjere greie for korleis desse kan brukast til å forstå ulike fjerne og nære fenomen
  • har kunnskap om ulike modellar som kan brukast til å forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til for elevar på barnesteget
  • har kunnskap om grunnleggande teknologiske prinsipp knytt til fysikk og kjemi, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
  • har kunnskap om korleis gjennomføre begynneropplæring i emner innan fysikk og kjemi
  • har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og avdekke kvardagsforestillingar
  • har kunnskap om korleis legg til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
  • kan koble mellom observasjonar og modellar
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til enkel problemløysing med og utan digitale verktøy
  • kan gjennomføre tverrfagleg undervisning med fokus på å designe og lage teknologiske produkt og knyte teknologi til tema innan fysikk og kjemi
  • kan tilrettelegge for overgangen frå barnehage til skule og frå barnesteget til ungdomssteget

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan for barnesteget som utgangspunkt for naturfagundervisning
  • kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
  • har grunnleggande kunnskap om natur-vitskapens metodar og tenkemåtar som grunnlag for kritisk tenking og utforskende arbeidsmetodar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel å ha hatt noko naturfag frå vidaregåande skule.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på barnesteget. Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å bearbeide lærestoffet gjennom kollokvier.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennom semesteret skal studenten fortløpande levere arbeidskrav som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:

  • Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
  • Deltaking og journalføring frå praktiske øvingar
  • Oppgåver knytta til praksis
  • Faglig og didaktisk arbeid

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag.

Nærare omtale og retningslinjer for arbeidskrav vil vere klare ved semesterstart. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjent arbeidskrav er gyldig i to påfølgjande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Tabellar og formler i fysikk og kjemi, kalkulator.

Meir om hjelpemiddel