SA590 Internasjonal politikk
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei grunnleggande innføring i faget internasjonale relasjonar, og korleis økonomiske, politiske og kulturelle globaliseringsprosessar påverkar forholdet mellom statar og transnasjonale organisasjonar.
Læringsutbytte
Etter å ha fullført emnet
Kunnskap
- har studenten grunnleggjande kunnskap om internasjonale relasjonar
- har studenten kunnskap om sentrale teoriar om internasjonale relasjonar
- har studenten kunnskap om sentrale diskusjonar om globaliseringsprosessar i vår tid
- har studenten kjennskap til korleis globaliseringsprosessar kan påverke internasjonale relasjonar
Ferdigheiter
- kan studenten gjere greie for og diskutere statsvitskaplege problemstillingar om internasjonale relasjonar
- kan studenten gjere greie for og diskutere statsvitskaplege problemstillingar om samanhengar mellom globaliseringsprosessar og internasjonale relasjonar
Generell kompetanse
- kan studenten framføre ein munnleg presentasjon av ei samfunnsvitskapleg problemstilling basert på relevante forskingsbidrag
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, munnleg presentasjon og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei individuell oppgåve etter oppgitt tema: munnleg presentasjon med tilbakemelding frå faglærar, og deretter skriftleg innlevering.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Todelt munnleg eksamen:
1. Munnleg presentasjon etter oppgitt oppgåvetekst.
2. Overhøyring i pensum.
Både del 1 og del 2 må vere greidd for å få ein samla greidd karakter. Oppgåveteksten vert delt ut ei veke før munnleg eksamen.
Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter vil det bli gitt ny oppgåvetekst.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel