Hopp til innhald

BØA119 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Danning og akademisk handverk er eit innføringsemne i det kunnskapsmessige og etiske grunnlaget for all utdanning ved Høgskulen på Vestlandet. Det er òg studentens første møte med det faglege, sosiale og kulturelle fellesskap på høgskulen.

Emnet inneheld perspektiv og teoriar som aukar forståinga av

    • globaliseringa i samtida,
    • berekraft
    • vårt felles globale ansvar for
    • dei som lever i dag
    • dei som kjem etter oss.

Emnet:

    • bidreg til å stimulere studenten til å
    • vere aktiv og nysgjerrig
    • ta ansvar for eiga læring
    • utvikle evna til nyskaping
    • gir grunnlag for å meistre samansette og uventa utfordringar.
    • vil utvikle studentane sin kunnskap om den økonomisk og administrative profesjonen og det økonomiske og administrative faget si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk

Akademisk handverk

Vitskapleg arbeid består av både abstrakt tenking og praktisk akademisk handverk. Ved å øve på handverket vert studentar kjent med korleis vitskapeleg kunnskap byggast og forbetrast. Informasjonskompetanse og skriving av tekstar utgjer deler av dette handverket, og emnet gir grunnleggjande opplæring i slike ferdigheter som å:

  • vurdere og dokumentere informasjonskjelder,
  • utvide og utdjupe kunnskap,
  • skrive akademiske tekstar

Danning:

  • vil sei å bli eit dugande menneske som bidrar til at ein sjølv og andre får gode liv.
  • refererer til den personlege utviklinga som skjer når ein tileignar seg avanserte kunnskapar i eit miljø prega av refleksjon og høge etiske standardar.
  • inneber å forstå si eiga historia og samtid.
  • inneber å utvikle kunnskapar, haldningar og åtferd som hjelper mennesket å leva på eit meiningsfullt vis med seg sjølv og saman med andre.
  • er alt det som bidrar til at det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet eksisterer.

Berekraft

Omgrepet berekraft refererer til at eit system held seg sjølv ved like over tid. I dag er verda eit globalt økologisk, økonomisk og sosio-kulturelt system som ikkje er berekraftig fordi vi bruker og øydeleggar langt større og fleire ressursar enn tilfanget av nye. For å bli berekraftig må verdssamfunnet løyse store økologiske, økonomiske og sosio-kulturelle utfordringar. Dei konkrete utfordringane finn ein i FN sine 17 berekraftsmål. Mange av oppgåvene inneber å arbeide for å endra slik menneskjer lever, mens andre oppgåver handlar om å bevara slikt som naturmangfald, villmark, reint vann osb. Berekraft omfattar såleis både eit bevaringsperspektiv og eit ønskje om nyskaping og utvikling.

Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar og fagleg og administrativt tilsette. Innføringsemnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng felles for alle førsteårsstudenter, og og ein spesifikk del på 2,5 studiepoeng for studentane på økonomi og administrasjon. Dei to delane utgjer til saman ei integrert eining.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Kandidaten

  • kjenner til hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet generelt og det økonomisk og administrative området spesielt
  • har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
  • har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om perspektiv på forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon
  • har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid generelt, med særleg fokus på kommunikasjon og samarbeid innad i bedrifta, mellom bedrifter og mellom bedrifter og samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor vitskapane generelt, og det økonomisk og administrative fagområdet spesielt. Dette inkluderer:

  • kan identifisere og reflektere over sentrale kunnskapsmessige problemstillingar og dilemma knytt til spørsmål om kva kunnskap er, styrker og svakheter ved alle kunnskaps-påstandar, grensene mellom vitskap og andre formar for kunnskap mm.
  • kan identifisere og reflektere over sentrale etiske problemstillingar og dilemma
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe
  • kan formidle sentralt fagstoff og diskusjonar om berekraft og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det blir nytta fleire læringsformer, inklusive seminar, studentaktivitet, førelesningar og aktivitetar som fremmar refleksjon og gruppetilhøyrsle.

Digitale ressursar vil vere tilgjengeleg i Canvas.

Det blir gitt rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får gå opp til eksamen i emnet:

  1. Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraftsmåla og til eigen profesjon i det økonomisk og administrative fagområdet
  2. Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  3. Deltaking i gruppearbeid med rettleiing, som er knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, ha diskusjonar om berekraft samt det å vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt

Vurderingsform

Oppgåve (4-5 studentar), lengde 1 500 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk: Greidd/ikkje greidd

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel