Hopp til innhald

MGUNOR402 Norsk på ungdomssteget 2: Litteratur, kultur og historie

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Norsk 2 emne 2 - Litteratur, kultur og historie (MGUNOR402) bygger på Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap og Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap.

Emnet går parallelt med MGUNOR302 Norsk på ungdomssteget 1: Språk, kultur og historie.

Emnet gir studentane innsikt i eit mangfald av litterære tekstar frå ulike tider. Emnet gir litteraturhistorisk og litteraturteoretisk kunnskap, og legg til rette for drøfting av sentrale fagdidaktiske spørsmål i norskundervisninga. Studentane får utvikle den litterære og litteraturdidaktiske kompetansen i lys av estetiske, retoriske og historiske perspektiv.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god litteraturhistorisk oversikt
  • har kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har, og har hatt i kulturen vår
  • har god kjennskap til nordisk litteratur, inkludert samisk.
  • har gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar
  • har utvida innsikt i korleis ein kan arbeide med lesemotivasjon, leselyst og leseforståing
  • har kunnskapar om faghistorie, og om læreplanen i norsk for ungdomssteget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan lese, analysere, tolke og samanlikne tekstar skrivne for born og ungdom, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • har kjennskap til samansette tekstar, historikken til og teoriar om desse
  • har kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking og inngåande kunnskap om det valte FOU-emnet/fordjupingsemnet

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå desse perspektiva
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • kan analysera relevant forsking, har gode ferdigheiter i akademisk skriving og kan analysera og formidla eit samansett fagstoff på ein overtydande måte

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 2 emne 2 - Litteratur, kultur og historie (MGUNOR402) bygger på Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap og Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet har varierte arbeidsformer og obligatoriske læringsaktivitetar som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte, studentaktive læringsformer, som t.d. rettleiing, studentframlegg og fagleg arbeid i større og mindre grupper i undervisningsøktene. Studentane skal altså vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane følgjer val av emne for semesteroppgåve.

Dersom studenten vel litterær semesteroppgåve, er det obligatorisk å delta i oppgåveseminar og rettleiingsprosess. Læringsaktiviteten skal leggast fram både munnleg og skriftleg.

Om studenten ikkje vel litterær semesteroppgåve, skal det leverast tre litterære obligatoriske læringsaktivitetar til godkjenning. Minst ein av læringsaktivtetane skal vere munnleg eller ha ein munnleg komponent. To skriftlege læringsaktivitetar dannar grunnlaget for innlevert mappevurdering.  

Alle obligatoriske læringsaktivtetar må vere utførte og godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje består ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgjande semesteret etter godkjenninga.

Målform: Bokmål og nynorsk. Faglærar organiserar.

Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk i tale og skrift.

Vurderingsform

Studenten skal skrive semesteroppgåve enten i MGUNOR302 (språk) eller MGUNOR402 (litteratur).

Dersom studenten skriv semesteroppgåve i gjeldande emne, MGUNOR402, er eksamen denne:

  • Individuell eller parvis skriftleg semesteroppgåve. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri
  • Munnleg eksamen
  • Vekting: Oppgåve 60 % og munnleg eksamen 40 %. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. Begge delar må være greidde for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Dersom studenten skriv semesteroppgåve i emne MGUNOR302, er eksamen i gjeldande emne,  MGUNOR402, denne:

  • Mappevurdering av to av i alt tre innleverte tekstar. Målform: Bokmål og nynorsk. Faglærar organiserer.
  • Munnleg eksamen
  • Vekting: Oppgåve 60% og munnleg eksamen 40%. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. Begge delar må være greidde for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk i tale og skrift.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Semesteroppgåve: alle
  • Munnleg eksamen: ingen
  • Mappevurdering: alle

Meir om hjelpemiddel