Hopp til innhald

JU6-1000 Forretningsjus

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studenten ei innføring i sentrale forretningsjuridiske tema; avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet, arbeidsrett og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs. I tillegg gis ei innføring i juridisk metode, altså korleis ein går frem for å fastleggja innhaldet av rettsreglar og løyse konkrete rettsspørsmål. 

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal

  • ha kjennskap sentrale rettsreglar innanfor temaene avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet, arbeidsrett og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling og konkurs.
  • ha grunnleggjande kjennskap til juridisk metode

Ferdigheiter:

Studenten skal

  • kunne løyse juridiske problemstillingar innanfor emnet sitt tema.

Generell kompetanse:

Studenten skal

  • ha eit bevisst forhold til minimunsrettane dei lovfesta rettsreglane gir.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar og oppgåvegjennomgang i plenum.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil tre skriftlege arbeidskrav. Skal løysast individuelt. 

Vurderingsform

Skriftlig eksamen 4 timer. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Næringslivets lovsamling (Sverre Faafeng Langfeldt) og/eller Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter, rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettene, og alt av EØS- og EU-rettskilde, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), og bokmål/nynorsk ordliste.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • JU6-101 - Forretningsjus for rekneskapsførarar - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • JU6-103 - Jus for eiendomsmeglere 1 - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • EM6-1003 - Jus for eigendomsmeglarar 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng