Hopp til innhald

MGUKØ131 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 5-10 i grunnskulen.

Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Til emnet ligg utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om å planlegge, gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
  • har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven

Ferdigheiter

Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
  • kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving
  • kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for elevane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
  • kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til felles danning og identitetsskaping til elevane
  • kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, bidra til utvikling av god praksis og eigen lærarrolle.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Akademisk skriving. Innlevering av fagtekst(ar) med krav til struktur og kildehenvisning
  • Praktisk-metodisk undervisingsoppgåve
  • Friluftsliv med overnatting

Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.

Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen.Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

  • Del 1: Oppgåve (ein fagtekst på 2500 ord +/-10%)
  • Del 2: Praktisk eksamen, der studenten skal planlegga, gjennomføra og deretter reflektera over eit undervisningsopplegg.

Kvar del tel 50% av karakteren. Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delana, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Karakterskala A til F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Oppgåve: Alle.

Praktisk eksamen: Ingen.

Meir om hjelpemiddel