Hopp til innhald

BØA202 Etikk, samfunnsansvar og bærekraft

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Etikk handlar om prinsippa for å treffe forsvarlege val og kunnskap om kva som påverkar enkeltpersonar og bedrifter som moralske aktørar. Etiske utfordringar oppstår i ei kompleks verd, og dei kan derfor bli møtt berre ved å følge reglar. Den grunnleggande etiske handlingskompetansen er evna til å få auge på etiske utfordringar i konkrete situasjonar, identifisere alternativ og dilemma, samt å foreslå mogleg løysingar. Emnet tek derfor sikte på å gje studentane ein bakgrunn for, og ei trening i, det å ta stilling til og komme med grunngjevingar som er relevante i næringslivet og i offentleg sektor.

Oppfatningane om bedrifters samfunnsansvar har vore gjenstand for ei lang utvikling. Dei spenner frå det at bedrifter skal og bør konsentrere seg om utbytte aleine, via å ta eit ansvar for kostnader dei påfører tredje-personar ('eksternalitetar'), til særs omfattande krav om samfunnsansvar, slik det mellom anna kjem til uttrykk i FNs berekraftsmål.

Verkemidla for å stimulere etisk forsvarleg praksis spenner tilsvarande frå frivillige tiltak, via strategiske føringar internt i selskapet til reguleringar, lover og internasjonale avtaler. Kunnskap om denne utviklinga og om kva mekanismar som blir brukt for ta vare på samfunnsansvaret står sentralt i kurset.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten får kjennskap til

  • sentrale teoriar om etiske val og grunngjeving
  • etiske utfordringar i dagleg drift og leiing av bedrifter
  • utviklinga av offentlege institusjonar og ordningar som søker å fremje forsvarleg praksis gjennom lovgjeving, offentlege reguleringar, normer og standardar
  • hovudtrekk i diskusjonen om berekraftsutfordringane og FNs berekraftsmål
  • etiske utfordringar som følger med den digitale utviklinga, kva dilemma dette skaper for næringslivet og kva direktiv og reglar som er innført for å handsame dei (som GDPR-direktivet),
  • kva svar på etiske utfordringar som er foreslått og forsøkt gjennom initiativ frå bedriftene sjølv, som frivillige initiativ for å ta samfunnsansvar (CSR), ordningar for godt styresett (Corporate Governance) og god forretningsskikk, samt nye organisasjonsformer som Benefit Corporations og sosialt entreprenørskap og framgangsmåtar for ansvarleg innovasjon
  • yrkesetiske problemstillingar som er relevante for det økonomisk-administrative området
  • skiljet mellom etisk, politisk og juridisk ansvar

Dugleikar

Studenten har evne til å

  • gjere ei reflektert vurdering av konkrete tilfelle der det ligg føre ei etisk utfordring, identifisere omsyn som må vegast mot kvarandre og relevante interessentar det må bli teke omsyn til, og skildre dilemma som må bli handsama
  • finne, vurdere og vise til informasjon, regelverk og fagstoff og framstille det slik at det blir nyttig når en konkret sak skal kastast lys over
  • kjenne dømer på korleis etiske retningslinjer kan utviklast og bli etterlevde, og til kjente fallgruver i denne typen verkemiddel
  • bidra til å integrere omsyn til bedrifta sitt samfunnsansvar i dagleg drift, strategiarbeid og samarbeidsrelasjonar
  • identifisere etiske trusselbilete som kan møte ein organisasjon, profesjon eller ei bedrift som beveger seg inn i ein ny marknad, geografisk område eller i møtet med ny teknologi.
  • Diskutere om bedrifter kan være ansvarleg på samme måte som personar

Generell kompetanse

Studentane har innsikt i

  • Korleis utviklinga i organiseringa av moderne arbeidsliv reiser etiske utfordringar
  • Korleis verksemda til moderne bedrifter kan vere problematisk for klima og miljø
  • Korleis vi er påverka av etiske problemstillingar som forbrukarar og som investorar
  • Korleis utviklinga av (særleg) digital teknologi skaper nye utfordringar
  • Kva dilemma desse utfordringane reiser og kva botemiddel som er foreslått og prøvd ut
  • Er medvitne eigne verdiar og korleis dette påverkar eigen åtferd og avgjersler
  • Viser evne til ansvarleg, kritisk tenking og etisk refleksjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar med diskusjon, individuell tileigning av fagstoff, obligatorisk deltaking i arbeidskrav i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å gå opp til eksamen må kvar student delta i obligatorisk seminar for å analysere etiske valsituasjonar, og/eller levere ei gruppeoppgåve

Vurderingsform

5 timar individuell skriftleg skuleeksamen.

Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.

Karakterskala A-F der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel