Hopp til innhald

ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emne startar med ei innføring i vitskapsteori og forskingsetikk. Før ein går igjennom alle fasane i eit forskingsprosjekt, frå utvikling av problemstilling og val av undersøkingsdesign, til innsamling og analyse av data og drøfting og presentasjon av funn. Det vert undervist både i kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode. Studentane lærer også om digitale forskingsmetodar og då spesielt bruk av internett og sosiale medium som sekundærdata.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal kunne gjere greie for:

  • sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og tenkjemåtar
  • grunnleggande trekk ved gjennomføring av samfunnsvitskaplege undersøkingar
  • korleis ein planlegg samfunnsvitskaplege undersøkingar
  • korleis teori vert nytta for å gi retning til kvalitative og kvantitative undersøkingar
  • kvalitative og kvantitative datainnsamlingsmetodar og analysar og korleis desse metodane kan kombinerast
  • digitale forskingsmetodar og dei særlege fortrinna og utfordringane knytt til desse metodane

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • formulere problemstillingar og hypotesar for ulike undersøkingar
  • velje mellom ulike undersøkingsdesign og datainnsamlingsteknikkar
  • gjennomføre kvalitative og kvantitative dataanalysar, inkludert enkelte digitale metodar
  • kvalitetssikre datainnsamling, dataanalyse og tolking av funn
  • gjennomføre sjølvstendige kvalitetsvurderingar av forsking
  • vere i stand til å planlegge og gjennomføre undersøkingar under rettleiing og rapportere funna

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • vise evne til kritisk tenking og forskningsetisk refleksjon
  • vise evne til kjeldekritiske vurderingar og refleksjon over eigen metodefagleg praksis
  • kunne arbeide i grupper med sikte på planlegging og seinare gjennomføring av bacheloroppgåva

Tilrådde forkunnskapar

ME6-1001 Statistikk, BØA1155 Statistikk for økonomer, eller tilsvarende kunnskap.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing, seminar, oppgåver, gruppearbeid og sjølvstudium.

Det er forventa at studentane møter på forelesinga. Vi ber også om at studentane møter førebudd.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil tre oppgåver.

Eitt til to praktiske øvingar og eitt arbeidskrav som skal løysast i gruppe på 2-3 studentar.

Vurderingsform

Heimeeksamen i gruppper på 2-3 personar over to dagar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel