BAMM3001 Organisasjon og leiing
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Innhaldet i emnet er basert på gjeldande organisasjons- og leiingspsykologisk teori, tilpassa BAMM-studentar. Innhaldet i emnet er delt opp i tre hovudbolkar:
1. Organisasjonen
Liten bolk med grunnleggjande organisasjonsteori, blir følgt opp av spesielle kjenneteikn ved maritim industri generelt og fartøyet som eining spesielt.
- Kva er ein organisasjon?
- Organisasjonskultur
- Organisasjonsutvikling, organisasjonslæring og omstilling
2. Medarbeidaren: mennesket i organisasjonen
Allmennmenneskelege og gruppebaserte føresetnader og avgrensingar i ei maritim setting.
- Team- og gruppepsykologi
- Mangfald- og kulturforståing
- Arbeidsmiljø, jobbtrivsel og sikkerheitsklima
- Operativ psykologi
3. Leiing
Hovuddel av emnet. Det blir tatt utgangspunkt i ulike leiingsteoriar og perspektiv. Fokus på kva det vil seie å vere leiar i maritim setting. Leiarrolle og leiingsutvikling står i fokus. Vi legg til rette for at studentane kan jobbe med å utvikle forståing av eiga leiarrolle, og tileigne seg kunnskap om kriseleiing og sikkerheitsleiing.
- Kva er leiing?
- Samspel mellom leiar og medarbeidar
- Teamleiing og kommunikasjon
- Konflikthandtering
- Motivasjonspsykologi
- Operativ leiing og kriseleiing
- Sikkerheitsleiing
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om sentrale teoriar og relevante arbeids- og organisasjonspsykologiske tema knytt til ulike nivå i ein maritim organisasjon (organisasjon, leiing, team og medarbeidar)
- kjenner til relevant nyare forsking innan fagområdet
- har inngåande kunnskap om leiarroller, kriseleiing og sikkerhetsleiing
Ferdigheter
Studenten
- evnar å bruke relevant teori om leiing og organisasjon til å forstå eigen organisasjon
- evnar å reflektere over (eigen) leiarrolle
- kjenner til relevante motivasjons-, organisasjons- og leiingsverktøy godt nok til å bruke desse i praksis
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i fag og yrkesetiske problemstillingar knytt til organisasjon og leiing
- evnar å sjå si eiga leiarrolle i eit større organisatorisk perspektiv
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagområdet organisasjon og leiing, og på denne måten bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet er del av ei spesielt tilrettelagt overgangsordning frå 2-årig maritim teknisk fagskule til bachelorgrad. Innhald og oppbygging er basert på denne føresetnaden, samt ønskemål frå representantar frå maritim industri.
Undervisnings- og læringsformer
Samlingsbasert undervisning
Obligatorisk læringsaktivitet
Éi individuell skriftleg innlevering.
Vurderingsform
Semesteroppgåve. Gradert karakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle tilgjengelege hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BØA112 - Organisasjon og leiing - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ØKB1113 - Organisasjonspsykologi og leiing - Reduksjon: 5 studiepoeng