BO6-2011 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing. Studentane skal bruke fagleg kunnskap og forskning på praktiske og teoretiske problemstillingar som er relevante for studiet.
Bacheloroppgåva skal skrivast i grupper på to til tre personar. Emneansvarleg kan innvilge dispensasjon frå dette kravet etter skriftleg søknad dersom det ligg føre særlege grunnar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- Har oppdatert og inngåande kunnskap om relevante teoriar og metodar knytt til vald problemstilling.
- Kjenne til forskings- og utviklingsarbeid knytt til vald tema/problemstilling.
Ferdigheter
Studenten:
- Kan greie ut ei fagleg problemstilling.
- Kan utvikle ein konkret problemstilling innan studiet sitt fagområde og som er av fagleg og/eller samfunnsmessig interesse.
- Kan finne, velje og fordjupe seg i relevant teori for problemstillinga.
- Kan vurdere, og velje ut, relevante metodar for å finne svar på problemstillinga.
- Kan planleggje og gjennomføre innhenting av empirisk data og bearbeide desse.
- Kan analysere data og diskutere funna opp mot teori.
- Kan vurdere funna og kome fram til ein konklusjon.
- Kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt med avgrensa ressursar.
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan planlegge og gjennomføre prosjekt som strekk seg over tid, aleine og som medlem av ei gruppe, som er i tråd med etiske krav og retningslinjer og personopplysningsloven.
- Kan formidle problemstillingar, fagstoff og løysingar skriftleg og munnleg.
- Kan utveksle synspunkt og erfaring med andre med bakgrunn innan sitt fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- Viser evne til kritisk tenking og er bevisst egne verdiar og korleis desse kan påverke forskinga dei har utført.
Krav til forkunnskapar
Avlagt minst 90 studiepoeng ved oppstart av 5. semester.
For kandidatar med bachelor i økonomi og administrasjon og med bachelor i økonomi og jus bestått BØA115 Statistikk og minimum ha bestått arbeidskravene i ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode.
For kandidatar med bachelor i reiselivsledelse, bachelor i eigedomsmekling og bachelor i natur- og opplevelsesbasert reiseliv skal minimum ha bestått arbeidskrav i ME6-1001 Statistikk og ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode.
Undervisnings- og læringsformer
Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig arbeid i gruppe på 3 - 4 students. Studentane har sjølve ansvar for framdrift, utforming av oppgåva. For å førebu og støtte studentane i skrivearbeidet er det utarbeida ein serie med seminar og videoar. Aktiv bruk av rettleiing er likevel den viktigaste læringsforma i emnet. Rettleiing vert gitt etter avtale med tildelt rettleiar, maksimum fire rettleiingstimar per gruppe. 'Rettleiaren for bacheloroppgåva ved institutt for økonomi og administrasjon, campus Sogndal' gir utfyllande informasjon om innhald og omfang på rettleiinga.
Obligatorisk læringsaktivitet
Kravet for å levere bachelotoppgåva til sensur er:
- Studentane avtalar, førebur og deltek på den obligatoriske rettleiingsøkta, og signerer rettleiingsavtalen.
- Munnleg refleksjon kring eigne verdiar og korleis desse kan påverke forskinga studentane utfører. Vert gjennomført som ein del av rettleiinga, men må kome i tillegg til den obligatoriske rettleiingsøkta.
- Aktiv deltaking på plakat-verkstad og levering av ferdig plakat av bachelotoppgåva. Dette inkluderer tilbakemelding til ei anna gruppe.
Vurderingsform
Bacheloroppgåve i gruppe på 3 - 4 studentar.
Justerande munnleg eksamen
Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle, men oppgåva skal vere studentane sitt sjølvstendige arbeid. Dermed kan gruppene for eksempel ikkje bruke KI-verktøy til å produsere tekst eller på andre måtar forhindre sensor sine moglegheiter til å vurder studentane sine evner. Utfyllande informasjon finn du i 'Rettleiaren for bacheloroppgåva ved institutt for økonomi og administrasjon, campus Sogndal.'
Meir om hjelpemiddel