BO6-2011 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing. Studentane skal bruke fagleg kunnskap og forskning på praktiske og teoretiske problemstillingar som er relevante for studiet.
Bacheloroppgåva skal skrivast i grupper på 3 - 4 personar. Det er mogleg å søka om tilrettelegging av studiet for å gjennomføra emnet i ei mindre gruppe.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- Har oppdatert og inngåande kunnskap om relevante teoriar og metodar knytt til vald problemstilling.
- Kjenne til forskings- og utviklingsarbeid knytt til vald tema/problemstilling.
Ferdigheter
Studenten:
- Kan greie ut ei fagleg problemstilling.
- Kan utvikle ein konkret problemstilling innan studiet sitt fagområde og som er av fagleg og/eller samfunnsmessig interesse.
- Kan finne, velje og fordjupe seg i relevant teori for problemstillinga.
- Kan vurdere, og velje ut, relevante metodar for å finne svar på problemstillinga.
- Kan planleggje og gjennomføre innhenting av empirisk data og bearbeide desse.
- Kan analysere data og diskutere funna opp mot teori.
- Kan vurdere funna og kome fram til ein konklusjon.
- Kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt med avgrensa ressursar.
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan planlegge og gjennomføre prosjekt som strekk seg over tid og som er i tråd med etiske krav og retningslinjer og personopplysningsloven.
- Kan samhandle med rettleiar og gruppemedlemmane om planlegging og gjennomføring av prosjektet.
- Kan formidle problemstillingar, fagstoff og løysingar skriftleg og munnleg.
- Kan utveksle synspunkt og erfaring med andre med bakgrunn innan sitt fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- Viser evne til kritisk tenking og er bevisst egne verdiar og korleis desse kan påverke forskinga dei har utført.
Krav til forkunnskapar
Bestått minst 90 studiepoeng før undervisningspåmelding i haustsemesteret.
Studentar på bachelor i økonomi og administrasjon og bachelor i økonomi og jus må minimum ha godkjende obligatoriske læringsaktivitetar i BØA115 Statistikk.
Studentar på bachelor i reiseliv, marknadsføring og leiing, bachelor i eigedomsmekling og bachelor i natur- og opplevingsbasert reiseliv må minimum ha godkjende obligatoriske læringsaktivitetar i ME6-1001 Statistikk.
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent obligatorisk læringsaktivitet i ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode
Undervisnings- og læringsformer
Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig arbeid i gruppe på 3 - 4 students. Studentane har sjølve ansvar for framdrift, utforming av oppgåva. For å førebu og støtte studentane i skrivearbeidet er det utarbeida ein serie med seminar og videoar. Aktiv bruk av rettleiing er likevel den viktigaste læringsforma i emnet. Rettleiing vert gitt etter avtale med tildelt rettleiar, maksimum fire rettleiingstimar per gruppe. "Rettleiar for bacheloroppgåva ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS)" gir utfyllande informasjon om rammer for rettleiinga.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emne har fire obligatoriske læringsaktiviteter, eit om hausten og tre på våren:
Haust
- Prosjektskisse (haust).
Vår
- Studentane avtalar, førebur og deltek på den obligatoriske rettleiingsøkta, og signerer rettleiingsavtalen.
- Munnleg refleksjon kring eigne verdiar og korleis desse kan påverke forskinga studentane utfører. Vert gjennomført som ein del av rettleiinga, men må kome i tillegg til den obligatoriske rettleiingsøkta.
- Aktiv deltaking på plakat-verkstad og levering av ferdig plakat av bachelotoppgåva. Dette inkluderer tilbakemelding til ei anna gruppe.
Gruppearbeidet er ei prøve på samhandling, studentar som ikkje bidreg tilstrekkeleg kan takast ut av gruppa og kan då få ikkje godkjent emne, sjølv før den skriftlege delen av arbeider er levert.
Vurderingsform
Bacheloroppgåve, i gruppe på 3 - 4 studentar, med individuell justerande munnleg eksamen.
Den justerande munnlege eksamen varer i 20 minuttar pr. student. Eksaminasjonen tek utgangspunkt i oppgåva, der første del er basert på eit trekt tema og andre del er spørsmål frå sensorane.
Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg oppgåve:
Alle hjelpemiddel tillatt.
Justerande munnleg eksamen:
Ingen hjelpemiddel tillatt.
Meir om hjelpemiddel