Hopp til innhald

BØA113 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Bedriftsøkonomi med rekneskap inneheld to delar: ein del innan rekneskap og ein del innan bedriftsøkonomi. I rekneskapsdelen skal ein gjera studentane i stand til sjølve å kunne føre ein enkel rekneskap. I bedriftsøkonomidelen skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter slik at dei kan hente inn, analysere og kommunisere relevant informasjon som grunnlag for å ta gode val til beste for bedrifta.

Kurset inneheld:

  • Balanselæra
  • Praktisk rekneskapsføring
  • Registrering av forretningstilfelle
  • Periodisering
  • Presentasjon av finansrekneskapen
  • Innføring i målereglar og god rekneskapsskikk
  • Kostnadsomgrep
  • Kostnadsfordeling og kalkulasjonsprinsipp
  • Bedriftsøkonomiske avgjerdsproblem
  • KRV-analysar
  • Prisavgjerer og marknadstilpassing
  • Produktval med ingen og med ein knapp faktor

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane kjennar:

  • føremålet med ein finansrekneskap
  • standard kontoplan
  • samanhengen mellom transaksjonar og den innverknaden desse har på resultat og balanse
  • omgrepa utgifter, kostnader, utbetalingar, inntekter og innbetalingar
  • effektar av behaldningsendringar
  • den rolla som økonomifunksjonen har i bedrifta og kunne drøfte dei grunnleggande trekka ved økonomisk styring av verksemda
  • kostnadsomgrepet og kostnadars variabilitet
  • ulike prinsipp for produktkalkulasjon
  • dei grunnleggande føresetnadene for og manglane ved dei tradisjonelle kalkulasjonsmetodane

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • bokføre dei mest vanlege transaksjonane, mellom anna meirverdiavgift
  • gjera vanlege periodiseringsposteringar
  • gjennomføre eit årsoppgjer med enkle posteringar i samband med årsoppgjeret og disponering av resultat
  • gjennomføre kostnads-, resultat- og volumanalysar
  • gjera enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang
  • utarbeide kalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet
  • identifisera relevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike utfordringar med fokus på å ta gode val
  • finne korleis bedrifter bør tilpasse seg i ulike marknadssituasjonar

Generell kompetanse

Studenten har grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Forelesninger på campus
  • Oppgåveseminar på campus

Obligatorisk læringsaktivitet

2 obligatoriske innleveringer som må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Innlevering kan bli gjennomført på digitalt system.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen 4 timar.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Eksamen kan bli gjennomført på digitalt system.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator. Som fylgjande modellar:

- Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.)

- TI-30Xa, TI-30XIIS, TI-30XS MultiView

- Sharp EL-531TG, Sharp EL-531TH, Sharp EL-531TS

Programmet Excel på eigen PC, når digitalt system vert nytta til eksamen.

Meir om hjelpemiddel