Hopp til innhald

MGUKH101 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 1, emne 1 gir ei innføring i design, kunst og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike materialar knytt til gjeldande læreplan for 5. -10. trinn i grunnskulen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av materiale og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i materiale. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.

Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om relevante materialer, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
  • kan anvende og reflektere over relevante fagbegrep
  • kjenner til relevant kunst- og formkultur, som lokal, nasjonal eller global
  • har kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande refleksjon om estetiske læringsprosessar, oppleving, leik og kreativitet
  • kjenner til gjeldande reglar om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan i eigne skapande prosessar bruke skisser som verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, dokumentasjon og formidling
  • kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, estetiske verkemiddel, materiale, teknikk og verktøy tilknytta eigne skapande prosessar
  • kan bruke og vedlikehalde relevante handverktøy, samt kjenner til korleis ein ivaretek arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
  • kan reflektere over varierte arbeidsmåter i kunst og håndverk for elevar i 5. - 10. trinn, med bakgrunn i erfaringar frå eige skapande arbeid
  • kan anvende digitale læringsressursar til innhenting og formidling av fagstoff

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til utforskning og variasjon gjennom arbeid med ulike materialar, teknikkar og verktøy
  • kan reflektere over korleis skapande arbeid med materialar utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • kjenner til arbeidsformer og tema som bidreg til bærekraftig bruk av materialar og verktøy
  • kan reflektere over kunst- og handverksundervisning i 5. - 10. trinn med bakgrunn i erfaringar frå eige praktisk skapande arbeid (eks. tilknyttet begynnaropplæring eller grunnleggjande ferdigheiter)

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Workshop
  • Seminar
  • Førelesingar
  • Fagdagar
  • Gruppeoppgåvar
  • Praktisk arbeid i verkstedene
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:

  • deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar i undervisninga
  • eit munnleg framlegg i gruppe
  • ei skriftleg individuell oppgåve

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Mappevurdering.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått

Mappa består av praktiske arbeid med prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling.

Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel