MGUPE401 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 4 - Den forskande, nyskapande og etisk medvitne lærar
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gi studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget handlar om oppseding, utdanning og danning.
I dette emnet skal studenten vidareutvikle eit analytisk og kritisk perspektiv på arbeidet i skulen og sin eigen praksis som framtidig lærar. Dette skal forankrast i pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid og i etiske grunnlagsproblem.
Emnet inngår som det siste av fire emne i faget Pedagogikk og elevkunnskap i grunnskulelærarutdanninga 5-10. Emnet går parallelt med masteroppgåva i 5. studieår.
Målet med emnet er å styrkje kandidaten sine kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse om den profesjonelle læraren som ein analytisk, kritisk og autonom yrkesutøvar.
- Danning, oppseding og utdanning i eit kritisk perspektiv
- Skule- og utdanningspolitiske diskursar
- Pedagogiske grunnsyn og perspektiv på læring
- Pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid i teori og praksis
- Etisk teori og profesjonsetikk
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om elevane si danning i eit pluralistisk samfunn
- har avansert kunnskap om elevane si læring og motivasjon
- har inngåande kunnskap om skulen sitt verdigrunnlag
- har avansert kunnskap om problemstillingar i pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid
- har avansert kunnskap om ulike pedagogiske grunnsyn og dei etiske og læringsmessige konsekvensane av desse
- har avansert kunnskap om etiske modellar, normer og prinsipp som gjeld ved utøving av lærarprofesjonen og vitskapleg arbeid.
Ferdigheiter
Studenten
- kan kritisk vurdere skulen si rolle og funksjon i samfunnet
- kan kritisk analysere og bruke skulen sitt verdigrunnlag i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- kan kritisk drøfte utfordringar i realiseringa av gjeldande læreplan og andre styringsdokument
- kan bruke etisk teori og fagkunnskap til å identifisere og drøfte profesjonsetiske spørsmål
- kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap grunngje eigne pedagogiske og etiske val
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein utviklingsorientert skule
- kan bruke relevant forsking som grunnlag for utvikling og endring av pedagogisk praksis
- kan, med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap i pedagogikk, gjennomføre, kritisk vurdere og formidle eige forskingsarbeid i tråd med vitskaplege prinsipp og forskingsetiske standardar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGUPE101, MGUPE201, MGUPE301
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli brukt varierte undervisnings- og arbeidsmåtar, med vekt på studentaktivitet og casestudium. Litteraturseminar og verkstadar knytt til sentrale tema i emnet med bruk av norsk og internasjonal forskingslitteratur. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga, og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand. Refleksjon og kritisk drøfting av teori og praksis står sentralt i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det er obligatorisk oppmøte i undervisning. Det er krav til 80 % oppmøte.
- Ein individuell, akademisk tekst knytt til masteroppgåva. Arbeidet med denne læringsaktiviteten er knytt til ein eller fleire av følgande læringsutbytte i emnet: «har avansert kunnskap om konsekvensar av ulike pedagogiske grunnsyn», «kan bruke relevant forsking som grunnlag for utvikling og endring av pedagogisk praksis » og «kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap i pedagogikk, gjennomføre, kritisk vurdere og formidle eige forskingsarbeid i tråd med vitskaplege prinsipp og forskingsetiske standardar».
- Ei munnleg gruppeoppgåve, knytt til ein profesjonsetisk case. Arbeidet med denne læringsaktiviteten er knytt til ein eller fleire av følgande læringsutbytte i emnet: «har avansert kunnskap om elevens danning i eit pluralistisk samfunn», «har avansert kunnskap om etiske modellar, normer og prinsipp som gjeld utøving av lærarprofesjonen og vitskapleg arbeid», «kan bruke etisk teori og fagkunnskap til å identifisere og drøfte profesjonsetiske spørsmål», og «kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap grunngje eigne pedagogiske og etiske val».
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Semesteroppgåve, 3000 ord (+/-10%).
Tema/problemstilling analysert og drøfta i lys av teori og forskingslitteratur. Spesifiserte retningslinjer vil føreligge ved studiestart.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI), sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel