Hopp til innhald

MGBKH301 Kunst og handverk 2, emne 1 - Kunst- og designprosessar

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 2 emne 1 bygger på Kunst og handverk 1. Emnet skal bidra til vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar, som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for 1.- 7. trinn. Skapande arbeidsprosesser på verkstaden vert knytt til miljøbevisst bruk av materiale og verkty. Studiet vektlegg utvikling av evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Forholdet mellom læreplan og profesjonspraksis vert problematisert.

Fagdidaktisk refleksjon er ein integrert del av oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering. Samanhengar mellom barn sin leik og læring vert løfta fram.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen).

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om relevante materialar, teknikkar og verktøy som egner seg i begynneropplæringa og seinare
  • har kunnskap om barn sine uttrykk, deira skapande evne og formspråk, og korleis elevmangfald kan nyttast som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • har kunnskap om ulike kulturers formspråk og visuelle uttrykk som redskap og inspirasjon i eigne skapande prosessar
  • har kunnskap om ulike rammefaktorer og deres betydning for undervisning i verkstad i grunnskolen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan jobbe utforskende og skapende i ulike materialer
  • kan i eigne skapande prosessar bruke skisser som verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, dokumentasjon og formidling
  • kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, verkemiddel, materiale, teknikkar og verktøy
  • kan, med bakgrunn i erfaringar fra eige skapande arbeid, reflektere over undervisnings- og verkstedspraksis tilknyttet læreplanen for grunnskolen (1. - 7. trinn) og tilhøyrande relevant teori
  • kan reflektere over kunst- og håndverksfaglege tema tilknyttet globale og lokale utfordringar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over relevante fagbegrep og bruk av estetiske verkemeddel tilknytta eige skapande arbeid
  • kan rettleie, samt vurdere og gi framovermeldingar tilknytta eigne og andres skapande prosessar med fagleg utvikling som mål
  • kan reflektere over fagets praksis i grunnskolen (1. - 7. trinn)
  • kan reflektere over korleis undervisninga kan leggjast til rette for alle elevar i 1. - 7. trinn

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

  • MGBKH101 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1
  • MGBKH201 Kunst og handverk 1, emne 2 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 2

Undervisnings- og læringsformer

  • Workshop
  • Seminar
  • Førelesingar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ev. studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
  • Munnleg formidling av skapande arbeid knytt til fagdidaktisk refleksjon

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Mappevurdering av praktiske arbeid som stilles ut saman med tilhøyrande dokumentasjon og skriftleg refleksjon.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Mappa består av praktiske arbeid med prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling.

Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel