MGUKH301 Kunst og handverk 2, emne 1 - Kunst- og designprosessar
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar, som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for 5.-10. trinn. Skapande arbeidsprosesser på verkstaden vert knytt til miljøbevisst bruk av material og verkty. Studiet vektlegg utvikling av evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Forholdet mellom læreplan og profesjonspraksis vert problematisert.
Fagdidaktisk refleksjon er ein integrert del av oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen).
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om relevante materialar, teknikkar og verktøy
- har kunnskap om barn sine uttrykk, deira skapande evne og formspråk og korleis elevmangfald kan nyttast som utgangspunkt for tilpassa opplæring
- har kunnskap om ulike kulturars formspråk og visuelle uttrykk som reiskap og inspirasjon i eigne skapande prosessar
- har kunnskap om ulike rammefaktorar og deiras betydning for undervisning i verkstad i grunnskulen
Ferdigheiter
Studenten
- kan jobbe utforskande og skapande i ulike materialar
- kan i eigne skapande prosessar bruke skisser som verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, dokumentasjon og formidling
- kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, verkemiddel, materiale, teknikkar og verktøy
- kan, med bakgrunn i erfaringar fra eige skapande arbeid, reflektere over undervisnings- og verkstadpraksis tilknytt læreplanen for grunnskulen (5. - 10. trinn) og tilhøyrande relevant teori
- kan reflektere over kunst- og handverksfaglege tema tilknytt globale og lokale utfordringar
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over relevante fagomgrep og bruk av estetiske verkemiddel tilknytt eige skapande arbeid
- kan rettleie, samt vurdere og gi framovermeldingar tilknytt eigne og andre sine skapande prosessar med fagleg utvikling som mål
- kan reflektere over fagets praksis i grunnskulen (5. - 10. trinn)
- kan reflektere over korleis undervisninga kan leggjast til rette for alle elevar i 5. - 10. trinn
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
- MGUKH101 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1
- MGUKH201 Kunst og handverk 1, emne 2 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 2
Undervisnings- og læringsformer
- Workshop
- Seminar
- Førelesingar
- Fagdagar
- Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
- Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Ekskursjonar/studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk læringsaktiviteter for ekskursjonar i samråd med faglærar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
- Munnleg presentasjon av eige skapande arbeid knytt til fagdidaktisk refleksjon
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Mappevurdering av praktiske arbeid som stilles ut saman med tilhøyrande dokumentasjon og skriftleg refleksjon. Mappa består av praktiske arbeid med prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel