BØA113 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Bedriftsøkonomi med rekneskap inneheld to delar: ein del innan rekneskap og ein del innan bedriftsøkonomi. I rekneskapsdelen skal ein gjera studentane i stand til sjølve å kunne føre ein enkel rekneskap. I bedriftsøkonomidelen skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter slik at dei kan hente inn, analysere og kommunisere relevant informasjon som grunnlag for å ta gode val til beste for bedrifta.
Kurset inneheld:
- Balanselæra
- Praktisk rekneskapsføring
- Registrering av forretningstilfelle
- Periodisering
- Presentasjon av finansrekneskapen
- Innføring i målereglar og god rekneskapsskikk
- Kostnadsomgrep
- Kostnadsfordeling og kalkulasjonsprinsipp
- Bedriftsøkonomiske avgjerdsproblem
- KRV-analysar
- Prisavgjerer og marknadstilpassing
- Produktval med ingen og med ein knapp faktor
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane kjennar:
- føremålet med ein finansrekneskap
- standard kontoplan
- samanhengen mellom transaksjonar og den innverknaden desse har på resultat og balanse
- omgrepa utgifter, kostnader, utbetalingar, inntekter og innbetalingar
- effektar av behaldningsendringar
- den rolla som økonomifunksjonen har i bedrifta og kunne drøfte dei grunnleggande trekka ved økonomisk styring av verksemda
- kostnadsomgrepet og kostnadars variabilitet
- ulike prinsipp for produktkalkulasjon
- dei grunnleggande føresetnadene for og manglane ved dei tradisjonelle kalkulasjonsmetodane
Ferdigheiter
Studentane kan:
- bokføre dei mest vanlege transaksjonane, mellom anna meirverdiavgift
- gjera vanlege periodiseringsposteringar
- gjennomføre eit årsoppgjer med enkle posteringar i samband med årsoppgjeret og disponering av resultat
- gjennomføre kostnads-, resultat- og volumanalysar
- gjera enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang
- utarbeide kalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet
- identifisera relevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike utfordringar med fokus på å ta gode val
- finne korleis bedrifter bør tilpasse seg i ulike marknadssituasjonar
Generell kompetanse
Studenten har grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Forelesninger på campus
- Oppgåveseminar på campus
Obligatorisk læringsaktivitet
2 obligatoriske innleveringer som må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Innlevering kan bli gjennomført på digitalt system.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen 4 timar.
Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.
Eksamen kan bli gjennomført på digitalt system.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator. Som fylgjande modellar:
- Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.)
- TI-30Xa, TI-30XIIS, TI-30XS MultiView
- Sharp EL-531TG, Sharp EL-531TH, Sharp EL-531TS
Programmet Excel på eigen PC, når digitalt system vert nytta til eksamen.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØBO002 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- BØ6-101 - Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- BØ6-1000 - Innføring i bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BØ6-1001 - Finansrekneskap 1 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- ØKB1005FORØK - Grunnleggjande bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ØKB1001FORØK - Bedriftsøkonomi I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB1101 - Finansrekneskap - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- ØKB1102 - Innføring i Bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ØKB1110 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ING101 - Teknologileiing, økonomi og nyskaping - Reduksjon: 3 studiepoeng
- INGB3008 - Økonomi for ingeniører - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ING2040 - Økonomi for ingeniørar - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ING2004 - Økonomi for ingeniørar - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ØKB019FOREØK - Grunnleggjande bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ØKB019 - Grunnleggjande bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SA002 - Grunnleggjande bedriftsøkonomi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SA068 - Bedriftsøkonomisk analyse I - Reduksjon: 6 studiepoeng
- ØKB1015 - Bedriftsøkonomi I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB1005 - Bedriftsøkonomi I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- BØ6-1012 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet - Reduksjon: 4 studiepoeng
- ØKB1001 - Bedriftsøkonomi I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØBO001 - Innføring i bedriftsøkonomi og reknskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- BØ6-1010 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng