MGUSA301 Samfunnsfag 2, emne 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinnet med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Samfunnsfagsstudiet grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet skal gi større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Internasjonale emne er sentrale. Emnet tar opp vitskapleg tenkemåte og kjeldekritikk. Noko av pensum er på engelsk. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for, og problemstillingar knytte til, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • har djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
  • har innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar kjønnsidentitet, seksualitet og samliv 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder, og bruke dette i eige FOU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa 
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101 og MGUSA201

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar.

Arbeidskrav

Studenten må delta i ein aktivitet som omhandlar tema "ressursforvalting og /eller berekraftig utvikling". Oppgåva blir vidare  gjort rede for i undervisningsplanen.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i utdanninga skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel