Hopp til innhald

SA590 Internasjonal politikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei grunnleggande innføring i faget internasjonal politikk, og korleis økonomiske, politiske og kulturelle globaliseringsprosessar påverkar forholdet mellom statar og transnasjonale organisasjonar.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført emnet

Kunnskap

  • har studenten grunnleggjande kunnskap om internasjonal politikk
  • har studenten kunnskap om sentrale teoriar om internasjonal politikk
  • har studenten kunnskap om sentrale diskusjonar om globaliseringsprosessar i vår tid
  • har studenten kjennskap til korleis globaliseringsprosessar kan påverke internasjonale relasjonar

Ferdigheiter

  • kan studenten gjere greie for og diskutere statsvitskaplege problemstillingar om internasjonal politikk
  • kan studenten gjere greie for og diskutere statsvitskaplege problemstillingar om samanhengar mellom globaliseringsprosessar og internasjonal politikk

Generell kompetanse

  • kan studenten framføre ein munnleg presentasjon av ei samfunnsvitskapleg problemstilling basert på relevante forskingsbidrag

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, munnleg presentasjon og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei individuell oppgåve etter oppgitt tema: munnleg presentasjon med tilbakemelding frå faglærar, og deretter skriftleg innlevering.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Todelt munnleg eksamen:

1. Munnleg presentasjon etter oppgitt oppgåvetekst.

2. Overhøyring i pensum.

Både del 1 og del 2 må vere greidd for å få ein samla greidd karakter. Oppgåveteksten vert delt ut ei veke før munnleg eksamen.

Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter vil det bli gitt ny oppgåvetekst.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel