MGUPE101 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

I dette emnet er det didaktiske møtet mellom elev, lærar og lærestoff sentralt. Kandidaten skal få kunnskap om den sosiale, faglege og personlege læringa og utviklinga til elevane, og innsikt i korleis ein legg til rette for gode læringsprosessar hjå elevane. Emnet er det første av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap, og er lagt til haustsemesteret første studieår.

  • Introduksjon til pedagogikk som fag og forskningsfelt
  • Danning, oppseding og utdanning
  • Didaktikk
  • Lærarrolla og klasseleiing  
  • Læring, motivasjon og utvikling

Læringsutbytte

Kunnskaper

Kandidaten

  • har kunnskap om skulen sitt mandat og pedagogisk grunnlagstenking
  • har brei kunnskap om læring, motivasjon og barns utvikling
  • har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp
  • har kunnskap om observasjon som metode
  • har brei kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan planleggje og gjennomføre systematisk observasjon og analysere data frå observasjon
  • kan bruke fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring og undervisning
  • kan bruke forskingsbasert kunnskap til å utøve god klasseleiing
  • kan samarbeide om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere eigen og andre si undervising med utgangspunkt i eksisterande rammefaktorar og gjeldande læreplanverk
  • kan bruke observasjon som metode

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vil vere varierte undervisningsformer med vekt på studentaktivitet. Gjennom arbeidet med emnet vil det vere ulike øvingar, både munnlege og skriftlege, organisert individuelt eller i grupper. Det er ein føresetnad at studentane arbeider med lærestoffet på eiga hand.

Arbeidskrav

  • Obligatorisk frammøte (80 %)
  • 2 skriftlege oppgåver
  • 1 munnleg framføring
  • Observasjonsoppgåve

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel