MGUPP201 Profesjonsretta pedagogikk, emne 2 - Profesjonsretta pedagogiske handlingar

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Lærarane sin pedagogiske profesjonalitet er kjenneteikna av ein solid kunnskapsbase om pedagogiske handlingar. Profesjonalitet kjem  til syne gjennom bruk av denne kunnskapen i komplekse og spesifikke arbeidssituasjonar. Utprøvingar av ulike teoribaserte tilnærmingar til pedagogiske praksisar dannar utgangspunkt for dette emnet. Emnet er nært knytt til det pedagogiske arbeidet i klasserommet

Emnet set studentane i stand til å forstå, analysere og handtere pedagogisk relevante omgrep som danning, oppseding og læring. Desse vert presentert og diskutert som sosiale forhold og pedagogiske prosessar i ulike fordjupingar (IKT, estetikk, undervising og leiing). Emnet vektleggspesielt kunnskap om, og spørsmål vedrørande sentrale tema i skole og pedagogikk. Emnet står i eit dynamisk forhold til emne 1.

Emnet legg vekt på å utvikle og vidareutvikle  studenten sin kompetanse til å stille kritiske spørsmål ved eigne handlingar, praksis og teori.

I dette emnet vel studentane ei fagleg fordjuping som utgjer ca. 70% av samla omfang i emnet. Studentane kan velgje:

  • IKT i læring: omfattar kunnskap om og bruk av digital teknologi i undervisning og anna læringsarbeid.
  • Utforskande undervisning: tar sikte på å utforske korleis framifrå undervisning kan utviklast, praktiserast og korleis den verkar inn på elevane si  læring.
  • utviklings- og endringsprosessar i skolen skal studenten utvikle  brei innsikt i pedagogikk retta mot leiing av endringsarbeid, innovasjon og rettleiing.
  • Estetiske læreprosessar omfattar skapande, kreative og utforskande tilnærmingsmåtar til undervisning og læring i alle fag og på tvers av fag.

Felles for fordjupingane er at :

  • dei vert relatert til strukturelle kjenneteikn ved god undervisning og allmenndidaktiske spørsmål,
  • dei går ut frå at undervisning er ein samhandlingsprosess.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til allmenndidaktiske prinsipp
  • har inngåande kunnskap om grunnomgrep og teoriar som er knytt til pedagogiske handlingar
  • har innsikt i korleis fordjupinga spelar saman med sentrale pedagogiske handlingsomgrep som undervisning, oppseding, læring, vurdering og danning
  • kjenner til aktuelle verktøy/metodar for bruk i profesjonsutføringa

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan forklare korleis skolen fungerer som sosial, politisk og pedagogisk handlingsarena
  • kan identifisere logikken til klasserommet sin kommunikasjon og samhandling
  • kan gjennom skapande aktivitet bruke eit breitt utval av fordjupinga sine arbeidsformer og verktøy i undervisninga,
  • kan med utgangspunkt i fordjupinga, kople empiriske forskingsresultat, egen erfaringskunnskap og teoretiske forklaringar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning der verktøy/metodar frå fordjupinga inngår i ulike læringsformer
  • kan formulere og reflektere over grunnleggande pedagogiske dilemma
  • kan skilje mellom pedagogisk-politiske kvardagsidear og vitskapeleg-pedagogisk tenking og handling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Organisering av undervisninga i dette emnet vil vere felles for alle campus og utførast i  ein kombinasjon av nettbasert undervisning gjennom Canvas, og fysiske  samlingar. Der vil også vere noko undervisning på lokale campus.  Undervisningsformer vil vere ein kombinasjon av forelesingar og studentaktive, både i storsamlingar og i mindre grupper, på nett og på ulike campusar og klasserom.

Arbeidskrav

  • Delta på samlingar og nettbaserte læringsaktivitetar spesifisert i semesterplan (t.d. refleksjonsnotat, logg, multimediert tekst).

Vurdering: Godkjend/ikkje godkjend.

Vurderingsform

Del 1: Oppgåve. Ein akademisk tekst, 3000 ord. Tel 50 % av endeleg karakter.

Del 2: Praktisk eksamen (videopresentasjon, virtuelt seminarinnlegg) som må være relatert til den skriftlege oppgåva. Tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Utfyllande retningsliner for eksamen vert gitt ved semesterstart.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att åleine.

Ved forbetring av karakter må begge delar takast på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel