MGUSA101 Samfunnsfag 1, emne 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet. Studiet skal gje ei innføring i grunnleggjande ferdigheiter og arbeid med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet.

Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.  

I dette emnet vert det lagt vekt på at studenten tileignar seg kunnskap, dugleikar og kompetansar som grunnlag for framtidig arbeid som lærar. Fokuset ligg på sentrale tema innanfor hovudområda i samfunnsfag.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar teori og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap 
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet
  • har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv 
  • har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane,  og om kulturelt mangfald i Noreg 
  • har kunnskap om samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling og berekraftig utvikling 
  • har kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag 
  • ha kunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie 

Dugleikar

Kandidaten 

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag i skulen, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med alle elevar  
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikla grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa 
  • kan finne søkje, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar 
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding 

Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål  
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert 
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellomtrinnet og ungdomstrinnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, ekskursjonar, individuelt arbeid og munnleg framføring. 

Arbeidskrav

For studentar som har emnet som Fag 1: Eitt individuelt skriftleg arbeid på inntil 2000 ord som skal gi øving i akademisk skriving.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Oppgåva skal vere på 2000 ord. Tid for ut- og innlevering av eksamen vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel