MGUSA402 Samfunnsfag 2, emne 2

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Emnet skal gje fordjuping i utvalde samfunnsfagelege tema. Emnet skal også opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen. Internasjonale emne er sentrale. I emnet skal studentane skrive ei FoU-oppgåve. Tema for FoU-oppgåva skal vere relevant for undervisningsfaget samfunnsfag. Deler av pensum er på engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har, i tilknyting til arbeid med FoU-oppgåva, djupnekunnskap om utvalde teoriar, metodar og fagdidaktikk knytt til eit sentralt tema i undervisningsfaget samfunnsfag
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder, og bruke dette i eige FOU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet 
  • kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for mellom- og ungdomsstinn med særleg vekt på å videreutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA102 og MGUSA202

Undervisnings- og læringsformer

Oppgåveskriving, framlegging av oppgåve, førelesingar, individuelt arbeide, gruppearbeid, ekskursjonar. 

Arbeidskrav

Når faget går som fag 2: Kandidaten skal leggja fram utkast til semesteroppgåve for medstudentar og faglærar. 

Vurderingsform

Deleksamen, med ei semesteroppgave og ein munnleg eksamen.

Semesteroppgåva utgjer 50 % av endeleg karakter, og munnleg eksamen utgjer 50 % av endeleg karakter. 

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

  • Semesteroppgåve. Innleveringstidspunkt blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem. Ved ikkje greidd, kan oppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgande semester.
  • Individuell munnleg eksamen, 30 minutt. Tid og stad for eksamen blir gitt på Canvas.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel