To smilende studenter.

Jus

Årsstudium

Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor. Årsstudium jus kan anten vere starten på ei masterutdanning i rettsvitskap, eller inngå i ei anna utdanning der du ønsker særlege kunnskapar i juridiske emne. Det kan også vere eit nyttig supplement til andre utdanningar.

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Studiekode i Samordna opptak

    203246

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere jus?

    Studiet gir deg ei innføring i juridisk metode og i et utval av juridiske emne. Du får utvikla di evne til å identifisere, sortere og løyse problemstillingar, og god trening i skriftleg framstilling, utgreiing, drøfting og analyse. Dette er ferdigheiter som kjem godt til nytte i dei fleste stillingar. 

    I studiet lærer du om:

    • Juridisk metode, som er den framgangsmåten juristar brukar for å løyse rettsspørsmål. Dette er også ein generell metode for sakleg og strukturert argumentasjon, som kan vere nyttig innanfor andre område enn jus.
    • Innhaldet i rettsreglar på område som kontraktsrett, arv- og familierett, erstatningsrett og tings- og immaterialrett.
    • Korleis rettssystemet er bygd opp.
    • Korleis tolke rettsreglar og nytte dei til å løyse rettslege problemstillingar.

    Du kan studere bachelor i økonomi og jus ved campus Sogndal - eit aktivt og inkluderande studiemiljø tett på natur, fag og framtidige arbeidsgivarar. Studiet passar for dei som studerer på heiltid i Sogndal og prioriterer studiane høgt.

    Korleis er undervisninga?

    Læringsaktivitetane er varierte og består av førelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver og munnlege presentasjonar. Teori blir kopla til praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

     

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelor i økonomi og jus ved HVL.

    Om du ønskjer å halde fram med juridiske studiar ved andre studiestader, kan søke om fritak/innpass for eksamenar du allereie har gjennomført ved HVL. Du må undersøke desse mogelegheitene nærare med den gjeldande utdanningsinstitusjonen. Ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon.

    Andre utdanningar du kanskje vil like