Kvifor studere kunstfag?
Denne utdanninga er skreddarsydd for deg som vil bli rusta til å arbeide innan kunst- og kulturfeltet. Gjennom studiet vil du lære kreative metodar, å utvikle tverrfaglege perspektiv og å utforske digital teknologi. Viktige tema for undervisninga vil vere berekraft, kulturell forståing og samfunnsengasjement.
Du kan velje å fordjupe deg i musikk eller visuell kunst. Dette blir utgangspunktet ditt for arbeid med ulike prosjekt, både individuelt og i team. Gjennom å utvikle eigne prosjekt får du også høve til å utforske korleis kunsten kan skape verdi i ulike samanhengar.
Fleksibel utdanning
Dette er ei fleksibel utdanning, der det første studieåret er eit heiltidsstudium på Stord, medan 2. og 3. studieår er samlings- og nettbasert.
Studentar med 60 studiepoeng i musikk eller visuell kunst/kunst og handverk/design frå tidlegare studium vil frå 2026 kunne søke om å få godkjent dette som 1. studieår. Ved godkjend søknad får ein tilbod om opptak på 2. studieår under føresetnad av at søknadstala har mogleggjort oppstart av studiet.
Kva kan du jobbe med?
Bachelor i kunstfag – musikk eller visuell kunst vil kvalifisere deg til å jobbe i eit breitt perspektiv, både i lokale, nasjonale og internasjonale samanhengar:
- samfunnshus/kulturhus/bydelshus
- samfunnskontaktavdelingar i profesjonelle kunstorganisasjonar som til dømes dansekompani, museum, galleri, festivalar og symfoniorkester
- non-profitt-organisasjonar med allmennyttig formål (t.d. organisasjonar for menneske med ulike funksjonsvariasjonar, flyktningar, innan rus-rehabilitering)
- administrasjon innan kunst- og kunstopplæringsorganisasjonar
- SFO/aktivitetsskule
- kulturskular – både offentlege og private
- sjølvstendig næringsdrivande





