Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Sjå tilrådd forkunnskap under praktisk informasjon
Studiekode i Søknadsweb
LPT801 er 8526 (våremne)
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere laptop som instrument, og laptop som prosjektstudio?
Desse to emna er for deg som vil undervise i musikkteknologi, eller som sjølv vil lære om musikkproduksjon for å utvikle ditt eige musikalske uttrykk. Styrk din kompetanse i å lære bort musikk på ein engasjerande og innovativ måte.
Kva lærer du og korleis er emna bygd opp?
Dei to emna vi tilbyr er på 7,5 studiepoeng kvar. Du kan velje om du vil ta eitt eller begge emna. Her finn du også informasjon om eksamen:
Laptop som prosjektstudio (LPT801) (Vår 2026)
Laptop som prosjektstudio gir deg grundig opplæring i bruk av programvara Ableton Live på eiga laptop, med vekt på å kunne komponere og produsere musikk.
Laptop som instrument (LPT802) (Haust 2025)
Laptop som instrument gir deg ferdigheiter i å bruke Ableton Live i musikalsk framføring. Sentralt i emnet er forståinga av korleis ein laptop kan bli brukt som eit fleksibelt instrument på sine eigne premissar.
Målgruppe
Studiet er spesielt relevant for musikarar som vil utvikle sin digitale kompetanse og for tilsette i grunnskule, vidaregåande eller kulturskule, som ønskjer å videreutvikla musikkundervisninga si.
Undervisningsform
Dette er individuelt sjølvstudium basert på faginnhald publisert som tekst og video, praktisk arbeid på eigen laptop, deltaking i diskusjonsforum, 1 time felles undervisning per veke i zoom/teams.
Gjennom semesteret skal du levere 8 oppgåver i form av lyd eller video, refleksjonstekst samt skjermbilete som dokumenterer arbeidsprosessen på eiga datamaskin. I refleksjonstekstane vert det vektlagt at du diskuterer eigne musikalske val, grunngjeving av desse, samt refleksjon kring eigen læringsprosess.
Du skal delta aktivt i studiet sitt eige diskusjonsforum ved å poste/svare på spørsmål.
Nettundervisning - tider
Undervisning på nett vår 2026 (LPT801):
22.1 kl. 15:00 - 16:00 (oppstart)
5.2 kl. 15:00 - 16:00
19.2 kl. 15:00 - 16:00
5.3 kl. 15:00 - 16:00
19.3 kl. 15:00 - 16:00
31.3 kl. 15:00 - 16:00
16.4 kl. 15:00 - 16:00
30.4 kl. 15:00 - 16:00
Innlevering av vurderingsmappe den 15.5
Undervisning på nett haust 2025 (LPT802):
28.8. kl. 15:00 – 16:00
11.9. kl. 15:00 – 16:00
25.9. kl. 15:00 – 16:00
2.10 kl. 15:00 – 16:00
24.10 kl. 15:00 – 16:00
6.11 kl. 15:00 – 16:00
20.11 kl. 15:00 – 16:00
27.11 kl. 15:00 – 16:00
Tilrådd forkunnskap
Det er ingen krav til forkunnskap, men studenten må ha eigen laptop med Abelton Live versjon 12. Lydkort, mikrofon og headset, samt keyboard eller ein annan kontrollar, til dømes Launchpad.
Pensum
Du får meir informasjon om pensum ved studiestart.
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs


