Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Bachelorgrad med 80 studiepoeng fordjuping. Fordjupinga må vere fagleg relevant for studieretninga du søker opptak til:
- Samfunnsfag: Samfunnsfag, geografi eller historie
- KRLE: Religion eller KRLE
- Matematikk
- Naturfag
- Kroppsøving: Kroppsøving, idrettsfag
- Mat og helse
- Andrespråksdidaktikk: Norsk, norsk som andrespråk
Tilleggskrav
Om å søke opptak til HVL
Kvifor velje ein master med integrert PPU?
I 2019 kom kravet om mastergrad for lærarar. Samstundes er behovet for fleire lærarar stort. Dette studiet gir deg mastergrad og PPU integrert i eit studie over to år.
Masteren gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke, med god startløn. Som lærar får du ein meiningsfull, variert og sosial arbeidskvardag, der du får brukt mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fordjupe deg i spennande fagområde. Ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.
Studiet er samlingsbasert og nettstøtta. Dersom du arbeider i skulen, kan ein av praksisperiodane føregå på eigen arbeidsplass.
Korleis er studiet bygd opp?
Du kan sjølv velje om du vil ta utdanninga på heiltid over to år eller på deltid over tre og eit halvt år.
Deler av undervisninga i PPU er felles med PPU i Sogndal eller på Stord, medan samlingane i masteremna vil gå i Bergen, Sogndal eller på Stord, alt etter kva studieretning du vel. Når det gjeld praksis (60 dagar), har HVL har som mål at du skal få gjennomføre praksis i dagpendlaravstand til/frå heimstaden din. Praksis i praktisk-pedagogisk utdanning - Høgskulen på Vestlandet
Målgruppe
Dette studiet er for deg som ønsker å ta PPU integrert i eit masterstudium. Hausten 2026 tek vi opp studentar som har ein bachelorgrad innan:
- Samfunnsfag, religion eller historie
- Matematikk eller naturfag
- Andrespråksdidaktikk (norsk som andrespråk)
- Kroppsøving eller mat og helse
Gjennom Utdanningsdirektoratet kan skuleeigar søke om utdannings- og rekrutteringsstipend. Les meir om ordninga til Utdanningsdirektoratet.
Kva kan du jobbe med?
Med ein integrert master i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) får du lektorkompetanse og kan søke på nye jobbar som lærar - eller du kan kome tilbake til jobben din som lærar, med auka fagleg kompetanse.
Masterstudiet kvalifiserer også til ein forskande praksis, og til å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen eller på arbeidsplassen.
Kva tener ein lektor?
Ein lektor i grunnskulen tener i gjennomsnitt 705 000 kr i året. Les meir om lønn på utdanning.no.
Studiemodell og samlingsdatoar studieåret 2026/2027
Studiemodell for heiltidsprogresjon (2 år)
Første studieår, haustsemester:
- PPUA305 Leiing av læreprosessar (0 sp)
- MDIP502, Fagdidaktikk 2 (15 sp), sjå fagretning for informasjon om emne
- PPUA307 Praksis 1 (15-30 dagar)*
Første studieår, vårsemester:
- PPUA305 Leiing av læreprosessar (30 sp)
- MDIP501, Fagdidaktikk 1 (15 sp), sjå fagretning for informasjon om emne
- PPUA307 Praksis 1 (15-30 dagar)*
Andre studieår, haustsemester:
- MPPU306 Skulen i samfunnet (15 sp)
- MPPU504 Vitskapsteori og metode (15 sp)
- PPUA308 Praksis 2 (15-30 dagar)*
Andre studieår, vårsemester:
*Fleksibel gjennomføring av totalt 60 dagar praksis
Studiemodell for deltidsprogresjon (3,5 år)
Første studieår, haustsemester:
- PPUA305 Leiing av læreprosessar (0 sp)
- PPUA307 Praksis 1 (15-30 dagar)*
Første studieår, vårsemester:
- PPUA305 Leiing av læreprosessar (30 sp)
- PPUA307 Praksis 1 (15-30 dagar)*
Andre studieår, haustsemester:
- MPPU306 Skulen i samfunnet (15 sp)
- PPUA308 Praksis 2 (15-30 dagar)*
Andre studieår, vårsemester:
- MDIP501, Fagdidaktikk 1 (15 sp), sjå fagretning for informasjon om emne
- PPUA308 Praksis 2 (15-30 dagar)*
Tredje studieår, haustsemester:
- MDIP502, Fagdidaktikk 2 (15 sp), sjå fagretning for informasjon om emne
- MPPU504 Vitskapsteori og metode (15 sp)
Tredje studieår, vårsemester:
- MPPU560 Masteroppgåve (0 sp)
Fjerde studieår, haustsemester:
- MPPU560 Masteroppgåve (30 sp)
*Fleksibel gjennomføring av totalt 60 dagar praksis
Samlingsdatoar PPUA305 Leiing av læreprosessar (fellesemne alle studieretningar)
PPUA305, Leiing av læreprosessar - Sogndal
Hausten:
- 2.-4.september 2026
- 28.-30. oktober 2026
Våren:
- 6.-8.januar 2027
- 10.-12.mars 2027
PPUA305, Leiing av læreprosessar - Stord
Hausten:
- 2.-4.september 2026
- 28.-30. oktober 2026
Våren:
- 10.-12.februar 2027
- 10.-12.mars 2027
Avhengig av om du har søkt opptak til campus Sogndal eller Stord, deltek du på samlingane i PPU-emna på den campusen du er knytt til. Med fulltidsprogresjon gjennomfører du to emne kvart semester. Dei fagdidaktiske samlingane i masterfaga kan bli haldne på Stord, i Bergen eller i Sogndal, avhengig av fagområdet du er tatt opp på.
Samlingsdatoar studieretning Samfunnsfag, religion eller historie
MDIP502C, Minnekultur: politikk, kritikk og didaktikk (haust 2026):
- 8. august 2026. Digitalt informasjonsmøte.
- 26.-28. august 2026. Campus Bergen.
- 23.-25. september 2026. Campus Bergen.
- 21.-22. oktober. Digitalt tekstseminar, kl. 15-18.
MDIP501C, Globalisering og utdanning (vår 2027):
Samlingsdatoar og stad kjem!
Samlingsdatoar studieretning Matematikk eller naturfag
MDIP502G, Matematikk og naturfag som allmenndannende fag (haust 2026):
2 fysiske og 3 digitale samlingar:
- 20.august 2026 (15:30-17:00). Digital samling.
- 26.-28.august 2026. Campus Bergen.
- 16.september 2026 (15:30-18:00). Digital samling.
- 23.-25.september 2026. Campus Bergen.
- 22.oktober 2026 (15:00-18:00). Digital samling.
MDIP501G, Matematikk- og naturfagdidaktikk i praksisfeltet (vår 2027):
2 fysiske og 3 digitale samlingar:
- 20.januar 2027 (15:30-17:00). Digital samling.
- 27.-29. januar 2027. Campus Bergen.
- 17.februar 2027 (15:00-18:00). Digital samling.
- 31.mars-2.april. Campus Bergen.
- 15.april 2027 (15:00-18:00). Digital samling.
Samlingsdatoar studieretning Andrespråksdidaktikk
MDIP502D, Fleirspråklegheit i teori og praksis (haust 2026):
- 24. august 2026 (15.00–16.00). Digital samling.
- 31. august- 1. september 2026. Campus Bergen.
- 21-23. oktober 2026. Campus Bergen.
- 25.-27. november 2026. Campus Bergen.
MDIP501D, Andrespråksdidaktikk (vår 2027):
- 21.januar 2027 (15:00-16:00). Digital samling.
- 28.-29. januar 2027. Campus Bergen.
- 31. mars- 2. april 2027. Campus Bergen.
- 12..-14. mai 2027. Campus Bergen.
Samlingsdatoar studieretning Kroppsøving eller mat og helse
MDIP502A, Didaktiske praksiser rettet mot profesjons- og fagutvikling i kroppsøving og mat og helse (haust 2026):
- 19.-21.august 2026. Campus Stord.
- 21.-23.okt 2026. Campus Bergen.
MDIP501A, Didaktiske praksisar retta mot undervisning i kroppsøving og mat og helse (vår 2027):
- 27.-29. januar 2027. Campus Bergen.
- 7-9. april 2027. Campus Stord.
