Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag | deltid

Årsstudium

Har du lyst til å bli lærar? Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for allmenne fag er eit studium for deg som treng pedagogisk kompetanse for å undervise i fag du allereie har utdanning i. Deltidsutdanninga er samlingsbasert og nettstøtta.

Kvifor velge PPU?

Behovet for lærarar er stort. Denne utdanninga gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke med god startløn. Som lærar får du ein meningsfylt, variert og sosial arbeidskvardag der du kan bruke mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fodjupe deg i spanande fagområder og ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.

Dette deltidsstudiet er samlingsbasert og blir tilbudt på Stord hausten 2023. (Vil du heller ta studiet på full tid, kan du ta heiltidstudiet i Sogndal.)

Studiet består av pedagogikk og fagdidaktikk som er integrert i dei to emna våre. 

  • Første år: Leiing av læreprosessar
  • Andre år: Skulen i samfunnet

Fagprofilar på Stord for 2023-kullet (deltid)

  • Matematikk
  • Naturfag
  • Framandspråk
  • Norsk
  • Kroppsøving og idrett
  • Musikk/dans/drama
  • Samfunnsfag (Historie, samfunnskunnskap, geografi)
  • Religion
  • Kunst og handverk

Undervisinga i fagdidaktikk vil kunne bli gitt i samanslåtte grupper. Dersom det ikkje blir nok søkarar innan dei enkelte profilane, blir ikkje desse starta opp.

Korleis er studiet lagt opp?

Deltidsstudiet er organisert som ei fleksibel, samlingsbasert og nettstøtta utdanning.

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium, og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Studieprogrammet tek utgangspunkt i ei forståing av profesjonskompetanse som inkluderer fag- og fagdidaktiske, didaktiske, pedagogiske og etiske kunnskapsformer.

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden.

Vi har varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som blir brukt er avhengig av kva tema vi arbeider med.

Sletting av studielån

Viss du fullfører visse lærarutdanningar i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan du få sletta inntil 50 000 kroner av studielånet sitt. Les mer om ordninga her.

Praksis i PPU

Praksisopplæringa er ein viktig del av utdanninga og har eit omfang på 60 dagar, 30 dagar kvart studieår. I praksis får du øve deg som klasseleiar med rettleiing av praksislærar. Vi søkjer å gjere undervisinga på høgskulen mest mogleg relevant for det du møter i praksis.

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Du blir fulgt opp av profesjonsrettleiar frå Høgskulen på Vestlandet. Om du har jobb i skulen, kan du ha ein av praksisperiodane på eigen arbeidsplass.

Her finn du informasjon om praksis og praksisperiodar.

Samlingsdatoar studieåret 2023/24 (PPUA305)

  • 31. august - 1. september
  • 19. - 20. oktober
  • 23. - 24. november
  • 11. - 12. januar
  • 7. - 8. mars
  • 11. - 12. april

     

Spørsmål og svar om PPU allmenne fag

Må fordjupingsfaget vere ein del av mastergraden min?

Det er ikkje krav om at undervisingsfaget du søker opptak til inngår i sjølve mastergraden. Du kan eksempelvis ha master i nordisk, og eit årsstudium i samfunnsfag, og sånn kvalifisere opptak til PPU-A samfunnsfag.

Kan eg undervise i andre fag enn det eg tar i PPU?

Etter fullført PPU-A har du undervisingskompetanse frå 5. trinn og oppover. Då er hovudregelen at du må ha 60 stp innan fagområdet du vil undervise i. Det er arbeidsgjevar som vurderer denne kompetansen. Sjå UDIR for meir informasjon om lærarkompetanse.

Kan eg ta PPU i fleire undervisningfag?

Ved Høgskulen på Vestlandet kan du kun få opptak til ein didaktisk profil. Dersom du er kvalifisert for fleire enn eitt undervisingsfag, må du prioritere retninga du ønsker mest i søknaden din.

Kor lenge kan eg kvalifisere med bachleorgrad?

Opptakskravet i tredje kulepunkt er ei overgangsordning frå då krav om mastergrad ved PPU-A vart innført av Kunnskapsdepartementet. Frå og med hausten 2025 må alle som startar på PPU-A oppfylle krav om anten mastergrad, eller bachelor i utøvande / skapande kunstfag (finansieringskategori A elller B).

Spørsmål om søknadsprosess og opptakskrav

Har du spørsmål om opptakskrav, poengutrekning, dokumentasjon eller utdanning frå utlandet, finn du svar på denne sida:

Opptak til PPU - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 750 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.