Opptakskrav og søknad
Kva er realfagskurs?
Realfagskurset er eit studium i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til ingeniør- og sivilingeniørutdanningar. Kurset gir deg grunnlaget du treng for å møte opptakskrava og for å lukkast i vidare studiar.
HVL tilbyr tre ulike variantar av realfagskurset, slik at du kan velje det som passar best for deg:
- Realfagskurs | Bergen og Haugesund | deltid over eit år: Et deltidsstudium som kan kombinerast med jobb, men er for deg som framleis ønskjer eit kurs med fast struktur.
- Realfagskurs | Bergen | heiltid over eit halvt år: Dette er det mest intensive alternativet, med oppstart i januar. Det krev sterk motivasjon og høg arbeidsinnsats gjennom heile studieperioden.
- Realfagskurs | nett- og samlingsbasert | deltid over eit år: Ein fleksibel modell der undervisninga er nettbasert med nokre fysiske samlingar i løpet av året. Les meir om dette kurset lenger nede på sida.
Korleis er undervisninga?
Det heilårige realfagskurset blir rekna som 60 % av eit fulltidsstudium. Kurset er nett- og samlingsbasert, og kan difor kombinerast med jobb. Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer både på nett og på samlingar. Dette inkluderer forelesningar, laboratoriearbeid, rekneøvingar og sjølvstudium. Samlingane og eksamen går føre seg ved campus Førde.
Vi legg opp til samlingar på tre dagar, ein gong i månaden. Totalt blir det åtte samlingar. I samband med labundervisning vil ei av samlingane i vårsemesteret vere obligatorisk.
Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum i realfaga.
Dei to faga som inngår i kurset er matematikk og fysikk. Pensum omfattar det vesentlege av fysikk 1, matematikk R1 og R2. Begge faga har obligatoriske arbeidskrav.
For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogeleg av undervisninga som går føre seg på nett. Dei erfarne forelesarane våre er her for å hjelpa deg og sikra at du får mest mogleg ut av kurset. På Høgskulen på Vestlandet blir du ein integrert del av eit levande og engasjert studentmiljø der aktiv deltaking og fellesskap står i sentrum.
Kva blir du kvalifisert for?
Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset kvalifiserer deg til ingeniør- og sivilingeniørutdanningar i Noreg.
Kurset dekker også krav til R1, R2 og fysikk 1 ved opptak til andre utdanningar.
Kva er forskjellen på realfagskurs og forkurs?
Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse, men manglar fordjupning i matematikk og fysikk for å søke opptak til ingeniørutdanning.
Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn.