Saman for framtida

Gode samarbeidsprosessar kan føre til innovative løysingar, men korleis ein kan legge til rette for dette? Det er noko den aller første forskargruppa på tvers av alle fire fakultet ved Høgskulen på Vestlandet skal teste ut.

— Det er ei felles utfordring at vi alle jobbar veldig mykje innanfor vår eigen silo, men om ein skal lykkast med å nå FNs berekraftsmål er samarbeid på tvers avgjerande, sa førsteamanuensis Ellen Eimhjellen Blom då ho opna det første møte for alle partane i forskingsgruppa Samskaping for bærekraftige lokalsamfunn på campus Sogndal.

Møtet blei leda av Blom som er prosjektleiar for forskingsprosjektet Samskaping for eit berekraftig Sogn og Tone Larsen som leiar forskingsgruppa Samskaping for bærekraftige lokalsamfunn.

Samskaping som metode og mål

Dette er den første forskargruppa der fagfolk frå alle fakulteta tek del. Målet er ikkje berre å styrke samarbeidet på tvers i organisasjonen, men også å gjere HVL til ein enno meir aktiv pådrivar for nyskaping i vestlandsregionen og i Sogn. Forskargruppa spring ut av prosjektet Samskaping for eit berekraftig Sogn som i desember 2021 fekk tilslag på 5 millionar kroner frå HK-dir programmet Økt arbeidsrelevans i høgare utdanning.

Sentralt i prosjektet er utvikling av eit nytt tverrfagleg val – og vidareutdanningsemne "Berekraftig samskaping". Her skal studentar frå ulike studieprogram, tilsette ved HVL og andre utdanningsinstitusjonar, i privat og offentleg verksemd samt persona frå frivillig sektor saman skal utvikle løysingar på reelle problemstillingar.

— Samskaping er både middel og målet og i utviklinga av emne. I eit aksjonsforskningsprosjekt vil vi invitere studentar frå ulike studieprogram, tilsette ved HVL og andre utdanningsinstitusjonar, i privat og offentleg verksemd samt persona frå frivillig sektor til ein samskapingsprosess. Målet er å samskape eit emne som gir studentar kunnskap og erfaring med samskaping og innovasjon, forklarar Blom og Larsen.

— Dette handlar om å få til ein betre kopling mellom studentar og arbeidslivet. Vi vil forsøke å bygge gode møteplassar der vi kan dra veksel på kunnskap og erfaring for å saman komme fram til betre løysingar på utfordringar i samfunnet. 

Vil bygge ned siloane

Tverrfagleg samarbeid og medverknad er etterspurt både i forsking og utvikling, og spørsmålet er om ein gjennom samskaping og ved å legge til rette for gode samarbeidsprosessar kan skapa grobotn for betre og meir innovasjon.

Dette er noko førsteamanuensis og forskargruppeleiar Tone Larsen sit på mye kunnskap om. Ho har forska på samskaping innanfor rusomsorgen og trur at ein ved å undersøke og legge til rette for gode samskapingsprosessar kan komme fram til betre løysingar.

— For å lykkast med den store berekraftsomstillinga vi no står i er det avgjerande at vi utviklar vår evne til samarbeid og samskaping. Det handlar om å innhente mest mogleg kunnskap om kva dei ulike partane meiner og kva dei treng, og utvikle ein kompetanse i det å sette i gang og styre slike prosessar.

Øving i medborgarskap

Larsen er rettleiar for Bjarnhild Samland, tilsett i Sogndal kommune og ph.d.-student ved HVL i prosjektet Samskaping for eit berekraftig Sogn. Hennar ph.d.-prosjekt har som mål å legge til rette for at barn og unge får bidra i ein samskapingsprosess, at dei blir høyrde og vere aktive medskaparar i eit av dei største prosjekta kommunen har, nemleg bygginga av ein ny barneskule i Sogndal.

Her tek barn aktiv del i planlegginga av skulen og skal vera likeverdige partar i dialogen om korleis skulen skal bli.

— Det handlar ikkje om at ein får alt ein vil ha, men om å øve seg på at også dei er partar i prosjektet og at ein i dialogen tek seg tid til å saman diskutere kva som er mogleg. Det er ein krevjande, men verdifull prosess der barn sine perspektiv skal bli løfta fram samstundes som dei skal få ei positiv erfaring med demokrati og medborgarskap.

Les meir

Nytt prosjekt blir møteplass for studentar og næringsliv i Sogn - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Samskaping for eit berekraftig Sogn - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Samskaping for bærekraftige lokalsamfunn - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Postdoktor
Handelshøgskulen HVL
Førsteamanuensis
Institutt for idrett, kosthald og naturfag
Forskingsprogramleiar
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Ph.d.-kandidat
Fakultet for helse- og sosialvitskap
Førsteamanuensis
Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap
Prorektor for forsking
Forsking
Professor
Institutt for idrett, kosthald og naturfag
Prodekan for forsking
Handelshøgskulen HVL
Førsteamanuensis
Handelshøgskulen HVL

Karina Neland (dagleg leiar i Sogn Regionrråd).