Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN)

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) har om lag 3 600 studentar på campus Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Studietilbod

Ingeniørane lagar nye teknologiske løysingar og utviklar produkt for framtida. Ei maritim utdanning gir deg ei karriere på sjøen eller i maritime verksemder på land. Dei miljøfaglege utdanningane gjev deg kompetanse til å utvikle samfunnet i ei meir berekraftig retning.

Bergen har fakultetet eit breitt studietilbod frå bachelor- til master- og ph.d.-nivå, og også forkurs. Fleire av masterprogramma er i samarbeid med norske universitet. Ph.d.-programmet er innan datateknologi.

Florø har vi bachelorutdanning i havteknologi, allmenn maskinteknikk og Y-veg.

Førde har vi fleire bachelorutdanningar tilpassa næringar i regionen, eittårig forkurs for ingeniørutdanning, tresemesterordning og Y-veg.

Haugesund har vi utdanningar med spesiell relevans for den petromaritime næringsklynga i regionen, teknisk sikkerhet, økonomisk og organisatorisk usikkerheitshandsaming og komplekse maritime operasjonar. Vi tilbyr òg tresemesterordning og Y-veg.

Kristiansund har vi bachelorutdanning i havteknologi.

Sogndal tilbyr vi masterutdanning i Climate Change Management og bachelorutdanningar i geologi og geofare, fornybar energi og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Masterprogrammet er relevant for søkjarar med teknologisk, samfunnsfagleg eller naturvitskapleg bachelorutdanning.

Stord tilbyr vi 2-årig ingeniørutdanning for fagteknikarar innan elektro og maskin.

Det engelske namnet på fakultetet er Faculty of Engineering and Science.