Arbeid med kvalitet i bachelorutdanning i skulefritidspedagogikk

På denne sida finn du informasjon om arbeid med kvalitet i studieprogram, kvalitet i emne og kvalitet i praksis.

Informasjon om studieprogram

Sentrale funksjonar for kvalitet i programmet

Studieprogramleiar

Studieprogramleiar Arne Kaldestad

Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogrammet, har hovudansvar for oppgåver i linje frå prodekan og samarbeidar med assisterande instiuttleiarar i utdanningsleiinga for programmet. Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane.

Leiargruppe

Leiargruppa består av studieprogramleiar og assisterande instituttleiarar. Dei har eit felles heilskapleg ansvar for å leie studieplanlegging, studiegjennomføring og studieutvikling i studieprogrammet. Gruppa har ansvar for studieleiing og utdanningskvalitet på tvers av campus. Døme på ansvar og oppgåver er godkjenning av emne og studieprogram, dokumentasjon og utvikling av utdanningskvalitet, overordna ansvar for læringsmiljø og planlegging av utdanningsarrangement som studiestart og studentavslutningar med meir. Leiargruppa lagar årshjul med plan for oppgåvedeling. I tillegg samarbeider leiargruppa om å finne gode løysingar for ansvars- og oppgåvedeling undervegs i studieåret.

Medlemmar:

 

Administrativt utdanningsteam

Utdanningsteamet består av studierettleiarar og praksiskoordinatorar og samarbeider på tvers av campus. Studieprogrammet har vore tilbydd på campus Bergen, Sogndal og Stord, men per i dag er det studentar i Bergen (kull 2025 og 2026) og på Stord (kull 2025). Studieprogrammet administrerast i hovudsak frå Bergen, men studirettleiar og praksiskoordinator frå dei andre campusa blir kobla på ved behov.

Studierettleiare sine hovudoppgåver er knytt til rettleiing av studentar, kvalitetsarbeid og sakshandsaming. Studentane kan kontakte studierettleiar for sin campus med spørsmål om sitt studium, utdanningsplan, tilrettelegging i studieløpet, fagval for dei utdanningane som har det, godskriving av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, eller andre ikkje-faglege problemstillingar.

Praksiskoordinator administrerer praksisopplæringa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og er i tett kontakt med studentane, praksisstadane og fagmiljøet på fakultetet. Praksiskoordinator informerer om praksis i samarbeid med fagansvarleg. Dei har også særleg ansvar for å organisere og legge til rette for praksisopplæringa, og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane.

Studieprogramråd

Studieprogramrådet er eit rådgivande organ for studieprogramleiar og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.

Sjå mandat og medlemmar for studieprogramråd via denne lenkja

Kvalitet i emne

Emneansvarlege

Kvart emne i dei ulike studieprogramma har ein emneansvarleg. Arbeidsoppgåvene varierer noko frå studieprogram til studieprogram, men er i all hovudsak å ha det overordna faglege ansvaret i emnet. Sjå sjekkliste for emneansvarlege ved HVL.

Studentmedverknad

  • Studentar kan i det daglege gje tilbakemelding til faglærarar og emneansvarleg om korleis emnet fungerer
  • To studentar frå kvar klasse deltek i referansegruppemøter. Her blir sentrale tema som fagleg innhald og opplegg, læringsmiljø og læringsutbytte i emne diskutert saman med emneansvarleg, studiekoordinator og eventuelle faglærarar.
  • Om ein student har tilbakemeldingar på eit emne, kan studenten kontakte eit referansegruppemedlem som kan ta dette vidare til evaluering i referansegruppemøte. Les meir om referansegrupper her.
  • Oversikt over referansegruppemedlemmar skal vere synlege i Canvas.
  • Om studenten ikkje ynskjer å ta opp problemstillingar knytt til emnet gjennom referansegrupperepresentantane eller dialog med faglærar/emneansvarleg, har den høve til å melde ifrå gjennom HVL sitt Sei ifrå-system.


Kvalitet i praksis

Medverknad frå praksis og arbeidsliv

Studieprogramleiar og assisterande instituttleiar har ansvar for medverknad frå praksisfelt og arbeidsliv gjennom innspel frå studieprogramråd og innspel i møter med eksterne.

Praksiskoordinator har i samarbeid med emneansvarlege ansvar for å skaffe praksisplasser og følgje opp og vere i dialog med praksisstadene.

Praksis evaluerast av studentane i samarbeid med faglærar i etterkant av dei ulike praksisperiodane.