Kunstfagdidaktikk - didaktikk på kunstfagas premissar. Forskingsprogram. 2009-2015.

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for kunstfag

Prosjektperiode

September 2009 - Desember 2015

Prosjektsamandrag

Forskingsprogrammet Kunstfagdidaktikk ? didaktikk på kunstfagas premissar organiserer delprosjekt i og mellom kunstfaga litteratur (norsk og engelsk), mediefag, dans, drama, musikk og kunst- og handverk, og fagområde elles ved Avdeling for lærarutdanning, HiB, og eksterne forskarar. Programmet har som samlande grunntanke at didaktisering i kunstfag er ei udeleleg side ved fagas form- og formidlingsregister, ikkje eit spørsmål om å formidle eit på førehand ferdig og avgrensa innhald. Forskingsoppgåver i kunstfagdidaktikk må difor bygge på, og ta på alvor desse faga sine formregister, og fagtradisjonar som ligg i ferdigheiter, kunnskapar og teoriar om høvesvis verbalspråk, bildespråk, kroppsspråk, arbeid med lyd, digitale former, og kombinasjonar av slike former. Programmet forstår didaktikk i vid, kulturell tydig. Det betyr at programmet organiserer prosjekt som spenner frå det utøvande og performative via det historiske, systematiske og analytiske, til prosjekt som utforskar estetisk danning. Prosjekta er relevante for arbeid i barnehage-, skole- og kulturskole, og mange hentar materialet sitt direkte frå slike praksisar. Målet er gjennom programmet å utvikle kunstfagdidaktikk til eit sjølvstendig, tydeleg og anerkjent forskingsfelt i eit framtidig profesjonsuniversitet, og derigjennom fremme estetisk danning i grunnopplæring og høgare utdanning.