Skriveboka. Innføring i skriveopplæring

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

November 2017 - August 2018

Prosjektsamandrag

Ei bok om skriving: Skriveboka

Breivega & Selås (Red.)

Sjanger: Lærebok for høgre utdanning

Forlag: Det norske samlaget

 

Baksidetekst/presentasjonstekst:

Korleis kan vi støtte elevar i å bli gode skrivarar? Kva tekstkompetanse treng elevar i grunnskulen i vår tid? Korleis kan vi arbeide med lesing, munnleg og skriving i samanheng? Korleis setje i gang skrivinga, korleis utvikle tekstar vidare i samspel med andre og arbeide med respons og vurdering? Kva verktøy kan ein bruke på ulike steg i skrivinga? Kva tilbakemeldingar fungerer? Korleis kan grammatikkundervisning integrerast i skriveopplæringa? Kva grep kan stimulere andrespråkseleven si skriving?

Denne boka skal handle om skriving. Vi skal sjå på kva former for skriving skulen har lagt vekt på og kva former for skriving gjeldande læreplan fremjar. Vi skal sjå på skriving som både prosess og produkt, og vi vil ha fokus på eit mangfald av tekstlege uttrykk, elevgrupper og didaktiske grep med talrike elevtekstar frå alle steg i grunnskulen som illustrasjonsmateriale.

 «Eg skriv, altså er eg», har Jo Beck-Karlsen kalla ei av bøkene sine, i tradisjonen etter Descartes. I tradisjonen etter Bakhtin kan ei anna overskrift vere: «Du er, altså skriv eg til deg». Saman speglar desse aforismane noko grunnleggjande ved kva skriving representerer i liva våre, både som ein måte å tenkje og utvikle seg intellektuelt på, og som ein  måte å vere vend mot den andre på. Skriving er i sin natur dialogisk og dannande. I ei verd i konstant endring, der kritisk demokratisk danning  er prekært, er det å arbeide med skriving  noko av det viktigaste norskfaget kan bidra med.

Målgruppa for boka er lærarstudentar og lærarar som underviser i norsk i grunnskulen.