Skåredalen skole

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsskolen Skåredalen skole.

Kontaktpersonar

LU-kontakt ved Skåredalen skole: Asle Halleraker
FoU-kontakt ved Høgskulen på Vestlandet: Hein Berdinesen

FoU-kontaktene si rolle og sine oppgåver

  • Ein fou-kontakt er ein fagtilsett ved HVL som er frikjøpt 170 timer.
  • Fou-kontakten skal vere eit bindeledd mellom lærarutdanningsskulen og dei forskingsmiljøa skulen har samarbeid med eller ønskjer å utvikle samarbeid med.
  • Fou-kontakten skal også bidra til å styrke/bygge forskings- og utviklingskultur på den enkelte skule og vidareutvikle partnerskapet mellom skulen og Fakultet for lærartutdanning, kultur og idrett.

Forskings- og utviklingssamarbeid med HVL

ReTPro (Rehearsing Teaching Professionally) er eit samarbeidsprosjekt mellom lærarutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet, Haugesund og Stord kommunar og tre grunnskular; Skåredalen skule, Tjødnalio skule og Nordbygda ungomsskule.  Me samarbeider også med universitetet i Aberdeen, Skottland og universitetet i Limerick, Irland.

ReTPro har som overordna mål å bidra til å etablera ei grunnskulelærarutdanning (GLU 1-7 og GLU 5-10) der lærarstudentane får høve til å øva på å vera den fagleg utøvande læraren, også når dei er på campus. Lærarstudentane vekslar mellom å øva på, utøva, undersøkja og reflektera over si eiga og andre si undervisning for å utvikla rike og reflekterte faglege undervisningsrepertoar. Dette skjer i samspel med campuslærarar, praksislærarar, medstudentar og elevar. Me kallar ein slik arena for Øvingsrommet for å synleggjera at me utviklar og studerer kva det vil seia å arbeida øvingsbasert i lærarutdanninga og kva dette medfører for dei involverte.

I samarbeid med partnarskulane våre fokuserer me på å utvikla undervisningsrepertoar i matematikk og engelsk der me nyttar undervisningsmetodane læringsdialogen og pedagogisk drama for å møta Fagfornyinga sitt verdigrunnlag knytt til inklusjon, kritisk tenking og demokratisk medborgarskap. Læringsdialogen og drama er metodar som kvar på sin måte legg til rette for å utvikla dømmekraft gjennom dialogiske møte.

Prosjektleiargruppa ved HVL består av: Vigdis Vangsnes (leiar), Knut Steinar Engelsen (medleiar) Gry Tuset (matematikk), Michel Cabot (engelsk), Hein Berdinesen (pedagogikk), Sissel Høisæter (norsk).