Praksis i bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet

I løpet av studiet skal du gjennomføre seks veker rettleia og vurdert praksis.

Viktig informasjon om covid-19 og praksis våren 2021

 

Før praksisstart må du lese retningslinjene for praksis, emneplanen for ditt aktuelle studieår og studieplanen.

Tildeling av praksisplass

Du vil bli tildelt praksisplass av Høgskulen på Vestlandet, og informert om dette via Canvas. I nokre av praksisperiodene vil du ha moglegheit til å kome med forslag til praksisplass.

Emneplan og retningslinjer

Tidspunkt for praksis

2. studieår:

På grunn av covid-19-situasjonen vil praksisperioden knytt til kosthald (FHA-P1)  ikkje bli gjennomført i planlagt tidsrom. Korleis læringsutbytta skal bli ivaretatt, vil studentane få informasjon om gjennom Canvas.  

10 dagar praksis knytt til trening og helse hausten (FHA-P2) 2020 i veke 39 og 40. Ulike endringar på grunn av covid 19 - sjekk informasjon i Canvas.

3. studieår:

10 dagar praksis knytt til organisasjons- og samfunnsperspektiv våren 2021 i veke 10 og 11.

Tidspunkt for praksis studieåret 2021-2022

2. studieår:

  • FHA-P1 - Trening og helse, ti dagar veke 40-41, 2021
  • FHA-P2 - Kosthald, ti dagar veke 44-45, 2021

3. studieår:

  • FHA-P2 - Kosthald, ti dagar utsett frå hausten 2020, veke 36-37, 2021
  • FHA-P3 - Organisasjon og samfunn, ti dagar veke 10-11, 2022

Vurdering av praksis

Praksisrettleiar skal fylle ut skjema for sluttvurdering. 
Skjema for sluttvurdering

Evaluering etter praksis

Etter praksis setter vi pris på ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med praksiskoordinator: Randi Gausemel

Dette bør alle kjenne til: