Organisasjon og leiing

Master

Ønskjer du ei leiar- eller administrasjonsstilling innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren? Master i organisasjon og leiing er ei yrkesnær leiarutdanning.

Ut frå utdanningsbakgrunnen din vel du spesialisering innan helse- og velferdsleiing eller utdanningsleiing.

Du lærer

  • å forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei framstår i gjennomorganiserte samfunn
  • korleis internasjonale og nasjonale, politiske føringar påverkar helse- og velferdsinstitusjonar
  • korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skapar særskilde kontekstar for utøving av leiing
  • å bruke vitskaplege metodar på bruksretta problemstillingar innan sektoren

I masteroppgåva di tar du utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde du har erfaring med. Du får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva.

Spesialisering helse- og velferdsleiing

Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar, helse- og velferdspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.

Spesialisering utdanningsleiing

Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av pedagogisk verksemd, utdanningspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, casedrøftingar, øvingar, prosjektseminar og skriftlege oppgåver.

Studiet er samlingsbasert, med rundt fem samlingar á to dagar i kvart semester. Samlingane dei to første åra blir hovudsakleg lagt til fredag ettermiddag og laurdag. Dei to neste åra er samlingane lagt til vekedagar.

Du søker opptak til enten Sogndal eller Haugesund, og har samlingar på den staden du får opptak.

Kva kan du jobbe med?

  • Leiarstillingar innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren.
  • Administrative stillingar som krev kunnskapar om handtering av saker knytt til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar.
  • Sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren.

Timeplan

Hausten 2017

  • Samlingar Haugesund: 1.-2. sept. / 15.-16. sept. / 28.-30. sept. / 20.-21. okt. / 17.-18. nov. Tidspunkt for samlingar: Dag 1 kl. 16-20 (1. sept. kl. 13-20), dag 2 (og 3) kl. 9-15.
  • Samlingar Sogndal: 25.-26. aug. / 15.-16. sept. / 28.-30. sept. / 27.-28. okt. / 24.-25. nov. Tidspunkt for samlingar: Dag 1 kl. 16-20 (25. aug kl. 13-20), dag 2 (og 3) kl. 9-15.
  • Eksamensinnlevering OR6-403, Leiing og endring: 8. des. (gjeld både Haugesund og Sogndal.)

Med atterhald om mindre endringar.