Masterprogram i innovasjon og entreprenørskap

Master, hausten 2019

Ønsker du å arbeide med tverrfaglege innovasjonsprosessar i teknologibedrifter? Har du ein gründer i magen, med ønske om å utvikle eiga verksemd? Er du opptatt av at innovasjonsprosessar skal vere ansvarlege og berekraftige?

Gjennom studiet lærer du om forskingsområda innovasjon og entreprenørskap og praktisk-orienterte metodikkar som Design Thinking og Lean Start-up. Du lærer deg å analysere og bruke ulike teoretiske perspektiv på innovasjonsprosessar og entreprenørielle innovasjonsstrategiar. Du vil kunne utføre sentrale entreprenørskapsoppgåver og gjennomføre ein innovasjon i tett samspel med kundar og brukarar.

Masterprogrammet eignar seg særleg godt for deg som har ingeniørutdanning, men kan også passe for deg som har annan liknande realfagleg bakgrunn.

Gründerkvote

Masterprogrammet har ei kvote for opptak av studentgründarar. Studentane som kvalifiserer til opptak i kvoten (inntil 5 studentar) må dekke dei formelle opptakskrava til studieprogrammet. Søkarar i kvoten vil bli vurderte ut frå eigen motivasjon og kor moden gründeridéen er. Du søker kvoten ved å fyll ut eit eige søknadsskjema i søknadsweb. Studentar som blir vurderte for gründerkvoten vil bli kalla inn til eit intervju i veke 20.

Undervisningsmåtar

Undervisinga i masterprogrammet vekslar mellom førelesingar, gruppeoppgåver, gjesteførelesingar, individuelle innleveringar, refleksjon, presentasjonar, teamarbeid og rettleiing.

I studieprogrammet er det tett kopling mellom teori og praksis. I 2. semester inngår ein periode med utplassering i bedrift, medan du i 3. semester skal arbeide med innovasjonsprosjekt i team. Fagmiljøet har eit tett samarbeid med regionale næringsklynger, teknologioverføringsselskap, inkubatorar, etablerte bedrifter/organisasjonar, Connect Vest og englenettverket i praksisemna.

I studiet inngår eitt valfag innan teknologi/realfag som bygger på fagområdet ditt frå bachelorgraden.

I det siste semesteret skriv du masteroppgåva. Du vel problemstilling i masteroppgåva innanfor tema som blir undervist i studieprogrammet.

Kva blir du kvalifisert for?

Kandidatar har fått jobb i etablerte bedrifter, som forretningsutviklarar i inkubatorar og teknologioverføringsselskap, og nokon etablerer eigne verksemder.

Du kvalifiserer deg og kan gå vidare til et Ph.d.-studium og ei forskarkarriere.

Timeplan

Oppstart 12. august kl 13.00, Fabrikken, Fabrikkgaten 5 (like ved Kronstad)

Til timeplanen. Merk at timeplanen kan bli endra. Sjekk difor timeplanen din igjen rett før studiestart.

Utveksling

I andre semester kan du velje eit utanlandsopphald i Houston, gjennom Grunderskolen