Studieplan - Bachelor i bioingeniørfag
Hausten 2025
Bachelorstudiet i bioingeniørfag er ei treårig profesjonsutdanning (180 studiepoeng) innan helsefag utforma etter Forskrift om nasjonal retningslinje for bioingeniørutdanning (2019). Fullført studium kvalifiserer til bachelorgrad i bioingeniørfag og gir grunnlag for norsk autorisasjon som bioingeniør, i høve til Lov om helsepersonell.
Bioingeniøryrket krev både grunnleggjande naturvitskaplege og helsefaglege kunnskapar samt meir spesialisert medisinsk, teknologisk og metodologisk kompetanse. Arbeidsoppgåvene til ein bioingeniør omfattar pasientkontakt ved blodprøvetaking, medisinsk laboratoriearbeid, samt forsking og utviklingsarbeid. Bioingeniørar nyttar mindre pasientnære instrument, større avansert laboratorieutstyr, automasjonssystem og informasjonsteknologi. Dei undersøker blod og andre kroppsvæsker, samt ulike vev frå pasientar for å skaffe korrekte analysesvar til hjelp i diagnostikk, førebygging og behandling av sjukdomar.
Læringsutbytte
Etter fullført og bestått studie har kandidaten følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Kandidaten
- har brei kunnskap om kvantitative og kvalitative laboratorieteknikkar, metodar og analyseprosessar som nyttast i bioingeniørfagleg arbeid.
- har kunnskap om utstyr, analyseinstrument, informasjonsteknologi og automasjonssystem som vert nytta i medisinske laboratorium.
- har brei kunnskap om system for å sikre pålitelege analysesvar for ulike laboratoriemetodar, slik som interne kvalitetskontrollprogram og rutinar for analyseovervaking, samt har kunnskap om avgrensing og dei vanlegaste feilkjelder for ulike metodar.
- har kunnskap om bruk av analyser og korleis resultat kan tolkast både i relasjon til kroppen sin normale funksjon og til sjukdom.
- kjenner til vitskaplege metodar for forsking og utvikling innan bioingeniørfaget.
- kan oppdatere kunnskap gjennom informasjonsinnhenting og i kontakt med fagmiljøet og yrkesfeltet.
- kjenner laboratoriemedisinen sin plass i helsetenesta og bioingeniørfaget sin eigenart, inkludert historie og utvikling.
Ferdigheiter:
Kandidaten
- har innsikt i praktiske og teoretiske bioingeniørfaglege problemstillingar og tar faglege val basert på kunnskap og resultat frå relevant forskings- og utviklingsarbeid.
- kan bruke teknikkar og metodar, utstyr og instrument som vert nytta i medisinske laboratorium.
- kan kvalitetssikre eige arbeid og vurdere laboratoriemetodane sine mogelegheiter, avgrensingar og feilkjelder.
- kan sikre trygge blodprodukt og tappe blodgjevarar under rettleiing.
- kan reflektere over eigen fagleg praksis, søke og ta imot rettleiing.
- kan tileigne seg ny kunnskap, vere kritisk til fagstoff frå ulike kjelder og bruke kjelder på ein korrekt måte.
- kan utføre kapillær- og venøs blodprøvetaking av vaksne etter gjeldande forskrifter, og bidra til at pasienten er trygg i prøvetakingssituasjonen.
- kan bruke faglege uttrykksformer, kan innhente, dokumentere og formidle relevant fagstoff skriftleg og munnleg
Generell kompetanse:
Kandidaten
- kan følge yrkesetiske retningslinjer og også reflektere over bioingeniørens bidrag til å oppnå berekraftsmåla.
- kan planlegge og gjennomføre varierte bioingeniørfaglege arbeidsoppgåver, i tråd med gjeldande retningslinjer.
- kan arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig etter gjeldande prosedyrar, lover og forskrifter.
- kan innhente, dokumentere og formidle bioingeniørfagleg kunnskap gjennom munnleg og skriftleg presentasjon på norsk og basal engelsk.
- kan arbeide tverrfagleg med andre yrkesgrupper til beste for pasienten, respektere individuelle og kulturelle ulikskapar og bidra til å sikre likeverdige helsetenester for alle grupper i samfunnet.
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar og kan bidra til systematiske, kvalitetsbetrande og berekraftige arbeidsprosessar innan bioingeniørfaget.
Innhald
Innhaldet i Bioingeniørstudiet omfattar naturvitskapelege og biomedisinske emne (ca. 40 %), samfunnsvitskapelege- og humanistiske emne (ca. 10 %) og medisinske laboratorieemne (ca. 50 %).
Første studieår gjev eit grunnlag i biomedisin og førebur studenten på kva ein bioingeniør er. Andre året gjev innføring i ulike medisinske laboratoriespesialitetar og laboratorieteknologi, før tredje studieår gjev ytterlegare kompetanse innan laboratoriemedisin, laboratorieteknologi og profesjonskunnskap i praksis.
Praksisstudiar utgjer til saman 1/3 av studiet, der 1/3 vert utført eksternt i medisinske laboratorium i helseføretaka.
Studiet vert avslutta med eit bachelorprosjekt innan bioingeniørfagleg forsking og utvikling.
Praksis
Intern praksis ved utdanninga gjev studenten praktisk ferdigheitstrening i laboratoriearbeid med ulike relevante metodikkar. Det er lagt vekt på at studenten gjennom heile studiet får laboratorietrening for systematisk å kombinere teori og praksis.
Ekstern praksis ved medisinske laboratorium i helseføretaka er ein viktig læringsarena for bioingeniørstudenten. Studenten vert utplassert der læring skjer i autentiske arbeidsmiljø i forskjellige medisinske laboratorium under rettleiing av erfarne bioingeniørar. Slik gjev ekstern praksis erfaring i bioingeniørfaglege oppgåver og ansvarsområde. Dette inkluderer også tverrprofesjonelt samarbeid (TPS) med studentar frå andre helsefagutdanningar.
Det er obligatorisk oppmøte til all praksis. Få meir informasjon her: Praksis i bioingeniør - Høgskulen på Vestlandet
Studenten må rekne med å ta deler av den eksterne praksisen på sjukehus som høyrer inn under heile Helse Vest.
Arbeidsformer
Ved utdanninga nyttast ulike arbeids- og undervisningsformer. Det vert nytta digitale læringsressursar som er tilgjengeleg via læringsplattforma Canvas og den opne nettsida ePraksis.no.
Studentaktive læringsformer vert vektlagde, både individuelt og i grupper, der studentane får rettleiing og tilbakemeldingar på praktisk laboratoriearbeid, munnlege framstillingar og skriftlege arbeid.
Vurderingsformer
Studenten vil møte ulike vurderingsformer gjennom studiet: skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, munnleg eksamen, praktisk eksamen, mappevurdering, eller kombinasjonar av desse.
Vurderinga vert gjeve anten i form av greidd/ikkje greidd, eller bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og E er dårlegaste karakter for greidd. Karakteren F tyder ikkje greidd.
Ekstern praksis vert vurdert som greidd/ikkje greidd.
Krav til studieprogresjon
For opptak til andre studieår ved bioingenørutdanninga krev ein at følgjande emne er greidd: BIO101 Danning og akademisk handverk, BIO170 Matematikk med dataverktøy, BIO171 Anatomi, fysiologi og histologi, BIO172 Biostatistikk og BIO175 Medisinsk laboratorieteknologi I.
For opptak til tredje studieår er det krevd at alle emna i 1. og 2. studieår er greidd.
Enkelte emner kan ha tilleggskrav. Detaljert informasjon om progresjonskrav og tilrådde forkunnskapar er gjeve i emneplanen for det enkelte emnet.
Internasjonalisering
Studenten kan reise på utveksling i 6. semester for å utføre sitt bachelorprosjekt.
Avtalar er inngått for studentutveksling med Cape Peninsula University of Technology i Sør-Afrika og Hong Kong Polytechnic University i Kina.
Bioingeniørutdanninga har vidare inngått Erasmus-avtalar for studentutveksling med Turku University of Applied Science i Finland, Umeå University i Sverige, Artesis Plantijn University College Antwerp i Belgia og Polytechnic University of Coimbra i Portugal.
Det er mogleg å utvide utvekslingsperioden og gjennomføre eksterne praksisstudiar i sjette semester ved nokre av våre samarbeidsinstitusjonar.
Organisering
Første studieår: Gjev grunnlag for biomedisinske analyser og bioingeniørens virke.
Første studieåret gjev grunnleggjande kunnskap i naturvitskaplege og biomedisinske emner. Studentane får ferdigheitstrening ved gjennomføring av ulike laboratoriekurs i begge semester og ei veke ekstern praksis i andre semester. I første semester inngår eit felles innføringsemne i saman med andre helseprofesjonsutdanningar.
Andre studieår: Gjev auka forståing for laboratorieteknologi og bioingeniøren sitt virke i ulike laboratoriemedisinske spesialitetar
Studentane får ein introduksjon til meir avansert metodikk til dei ulike laboratoriemedisinske spesialitetane. Studentane har 3 veker ekstern praksis i ein av dei laboratoriemedisinske spesialitetane i 4. semester.
Tredje studieår: Gjev ytterlegare kompetanse innan medisinsk laboratorieteknologi og profesjonskunnskap i praksis.
I 5. semester jobbar alle studentane meir sjølvstendig på laboratoriekursa og alle skal ha 3 veker ekstern praksis i medisinsk biokjemi. Det inngår vidare 7 veker ekstern praksis i 6. semester der 1 veke fokuserer på tverrprofesjonelt samarbeid med andre helseprofesjonar. Studentane trener på kommunikasjonsferdigheiter og etisk refleksjon i si profesjonsutøving og yrkesrolle. På slutten av studiet utfører studentane eit forskings- og utviklingsarbeid under rettleiing som ein del av ei bacheloroppgåve.
Teieplikt
Ein bioingeniørstudent har teieplikt etter reglar som gjeld for yrkesutøvere, jf. Lov om helsepersonell.
Skikkavurdering
Utdanninga har skikkavurdering. For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering
Autorisasjon
Etter fullført utdanning og mottatt vitnemål vil dei kandidatane som er omfatta av autorisasjonsordninga få tildelt autorisasjon, jf. Lov om helsepersonell
Medisinsk-testing og vaksinasjon