ID3-311 Fordjuping Friluftsliv og psykisk helse
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Studentane skal gjennom praktisk og teoretisk innføring i pedagogisk arbeid med ulike brukargrupper innan psykisk helse kunne legge til rette for friluftsliv og friluftslivsaktivitetar. Sentralt i emnet er forsking og refleksjonar som belyser kvifor og korleis friluftsliv kan nyttast som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet for ulike menneske.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om vitenskapelege studiar som har vurdert friluftsliv og friluftslivsaktivitetar som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet for ulike menneske.
- har kunnskap om naturen og naturopplevinga si betyding og naturverdiar i eit helseperspektiv
- har kjennskap til friluftsliv i eit helseperspektiv i høve brukarar med ulike psykiske lidingar, t.d. depresjon, angst, rusmisbrukarar, kriminalomsorg og ungdom med åtferdsproblem
Ferdigheiter
Studenten
- har ferdigheiter til utøving av friluftsliv i nærmiljøet
- har ferdigheiter til å kunne planlegge og organisere aktivitetar i friluftsliv for personar og grupper innanfor psykisk helsearbeid
Generell kompetanse
Studenten
- skal kunne reflektere om kvifor og korleis friluftsliv kan nyttast som terapi, rekreasjon, læring og/eller danning blant ulike brukargrupper
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng idrett, eller natur- og opplevingsbasert reiseliv, barnevernspedagog, vernepleiarar, sjukepleiar eller anna relevant utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformer i emnet er ei blanding av førelesingar, individuelle oppgåver, gruppearbeid og praktisk undervisning. Teoretisk lærestoff blir integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Deltaking føreset at studenten er førebudd med omsyn til tuplanlegging, teoretisk pensum og nødvendig utstyr.
Ekskursjoner:
- Vintertur med isfiske, 3 dagar
- Vårtur, 2 dagar
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar.
- Godkjent obligatorisk læringsaktivitet: Planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjoner (turlogg)
- Gi veiledning av medstudenters eksamenstekst
- Delta på aktivitetsdag
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell mappeeksamen som består av to skriftlege arbeid knytt til teoretisk og praktisk undervisning som studentane får tilbakemelding på undervegs i emnet.
Arbeida forventast vere revidert etter tilbakemeldingane før innlevering av vurderingsmappa.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått mappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen i påfølgjande semester.
Ny eksamen kan være heimeeksamen dersom mappevurdering ikkje kan gjennomførast.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel