Hopp til innhald

MGBKØ141 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vera lærar i kroppsøving på steg 1-7 i grunnskulen.

Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Sentralt ligg utvikling av undervisningskompetanse knytt til variert bevegelseslæring og kroppslege erfaringar. Å legga til rette for bevegelsesaktivitetar som leik, tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barnekulturen, dans, friluftsliv, samt begynnaropplæring i idrett står sentralt. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om å planlegge, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
  • har kunnskap om ulike former for leik og andre bevegelsesaktivitetar i barnekulturen
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven

Ferdigheiter

Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningsliner planlegge, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
  • kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, nærfriluftsliv, dans og idrettsaktivitet, og gjera seg nytte av dette i undervising i kroppsøving
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for elevane i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø
  • kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
  • kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, bidra til utvikling av god praksis og eigen lærarrolle.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på turar/ekskursjonar 
  • Praktisk-metodisk undervisingsoppgåve
  • Friluftsliv med overnatting
  • Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.

Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Oppgåve (ein fagtekst på 2500 ord +/- 10 %) og ein praktisk eksamen. Kvar del tel 50 % av karakteren. Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av eksamen. 

Karakterskala A til F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Oppgåve: Alle
  • Praktisk eksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel