Hopp til innhald

MGUMU131 Musikk 1, emne 1 - Grunnleggjande musikklærarkompetanse

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

MGUMU131 Musikk 1, emne 1 - er ein del av Musikk 1, for GLU 5.-10. trinn 

Emnet vert undervist som fag 3 i femte semester. 

I emnet vert det lagt vekt på utøvande verksemd, skaping og formidling, der dei ulike delane av musikkfaget i grunnskulen vert integrerte. Det vil difor vere relevant å arbeide med ulike aktivitetar, knytt opp mot kjerneelementa i Fagfornyinga (2020), som inneber å utøve, lage, og oppleve musikk, og å arbeide med kulturforståing. Gjennom emnet skal studentane utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter,  opparbeide seg eit relevant repertoar for grunnskulen, og få eit reflektert medvit om sentrale problemstillingar som kan relaterast til musikkundervisninga i grunnskulen. 

Læringsutbytte

Kunnskapar 

Studenten 

  • har kunnskap om barne- og ungdomskulturkultur, og barn og ungdommar si musikalske utvikling, og kan observere dette i praksis 
  • har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggjar for musikkopplæring, og om lokale og nasjonale læreplanar i faget 
  • har kunnskap om ulike omgrep og ulik fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk 
  • har kunnskap om song og musikalsk repertoar for mellom- og ungdomstrinnet. 
  • har kunnskap om stemma og om ulike instrument i grunnskulens kvardag 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere skulesong, og kan uttrykke seg musikalsk på ulike instrument og spele saman med andre 
  • har grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar i skulefaget musikk, og kan relatere dette til grunnskulens praktiske kvardag 
  • kan leie klassesong,  og rettleie elevar i deira prosessar med å utøve, lage, og oppleve musikk 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan reflektere over samanhengar mellom mål, innhald, metodar og vurderingsformer i skulefaget musikk 
  • har innsikt i musikken si rolle som demokratisk ressurs, identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i samfunn prega av mangfald 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel å ha grunnleggjande ferdigheiter i song og/eller spel på akustiske, elektriske og/eller digitale instrument. 

Undervisnings- og læringsformer

Praktisk musikalsk og metodisk aktivitet i heil klasse og i mindre grupper, førelesingar og litteraturstudiar - i analoge og digitale format. Studentaktive læringsformer vert vektlagt, og det vert sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen. Oversikt over obligatoriske læringsaktivitetar blir gitt ved semesterstart

Arbeidskrava må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eitt av arbeidskrava, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan det aktuelle arbeidskravet takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført. 

Arbeidskrava vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent. Godkjente arbeidskrav er gyldige i tre semester etter godkjenning. 

Arbeidskrav i dette emnet: 

  • Ei musikalsk framføring 
  • Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning 

Retningslinjer for arbeidet vert publisert i læringsplattform. 

Vurderingsform

Praktisk eksamen med individuell vurdering. Utfyllande informasjon om eksamensforma vert gjeve via emnet si digitale læringsplattform. 

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Moglege hjelpemiddel vert definert i eksamensoppgåva. 

Meir om hjelpemiddel