Hopp til innhald

MGBMU101 Musikk 1, emne 1 - Grunnleggjande musikklærarkompetanse

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

MGBMU101 Musikk 1, emne 1 - er ein del av Musikk 1, for GLU 1.-7. trinn.  

I emnet vert det lagt vekt på utøvande verksemd, skaping og formidling, der dei ulike delane av musikkfaget i grunnskulen vert integrerte. Det vil difor vere relevant å arbeide med ulike aktivitetar knytt opp mot kjerneelementa i fagfornyinga (2020), som inneber å utøve, lage, og oppleve musikk, og å arbeide med kulturforståing. Gjennom emnet skal studentane utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter, opparbeide seg eit relevant repertoar for grunnskulen, og få eit reflektert medvit om sentrale problemstillingar som kan relaterast til musikkundervisninga i grunnskulen. 

Læringsutbytte

Kunnskapar 

Studenten 

  • har kunnskap om barnekultur og barn si musikalske utvikling, og kan observere dette i praksis 
  • har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggjar for musikkopplæring, og om lokale og nasjonale læreplanar i faget 
  • har kunnskap om ulike omgrep og ulik fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk til bruk i begynnaropplæringa 
  • har kunnskap om elevane si aktive deltaking med stemme, kropp og instrument i samspel, framføring og lek, og i ulike musikalske uttrykk og sjangrar 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere skulesong, og kan uttrykke seg musikalsk på ulike instrument og spele saman med andre 
  • kan formidle musikk til grunnskulebarn gjennom ulike uttrykksformer 
  • kan leie klassesong,  og rettleie yngre elevar i deira prosessar med å utøve, lage, og oppleve musikk 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan reflektere over samanhengar mellom mål, innhald, metodar og vurderingsformer i skulefaget musikk 
  • har innsikt i musikken si rolle som demokratisk ressurs, identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i samfunn prega av mangfald 
  • kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel å ha grunnleggjande ferdigheiter i song, og spel på akustiske, elektriske og/eller digitale instrument. 

Undervisnings- og læringsformer

Praktisk musikalsk og metodisk aktivitet i heil klasse og i mindre grupper, førelesingar og litteraturstudiar - i analoge og digitale format. Studentaktive læringsformer vert vektlagt, og det vert sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen. 

Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike formar for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%. 

Arbeidskrava må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eitt av arbeidskrava, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan det aktuelle arbeidskravet takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført. Oversikt over obligatoriske læringsaktivitetar blir gitt ved semesterstart.

Arbeidskrava vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent. 

Arbeidskrav i dette emnet: 

  • Ei musikalsk framføring 
  • Aktiv deltaking på kurs i regi av biblioteket, i akademisk skriving 
  • Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning 

Retningslinjer for arbeidet vert publisert i læringsplattform. 

Vurderingsform

Praktisk eksamen med individuell vurdering. Utfyllande informasjon om eksamensforma vert gjeve via emnet si digitale læringsplattform. 

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel