MAT210 Vidaregåande diskret matematikk
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Endelege tilstandsmaskinar og formelle språk, samt samanhengen mellom regulære uttrykk, formelle språk og endelege tilstandsmaskinar.
Utvalde emne frå kombinatorikk og grunnleggande teknikkar om telling:
- Kardinalatet med anvending på beregnbarheit
- multiplikasjonsprinsippet, addisjonsprinsippet, inklusjon -eksklusjonsprinsippet Dirihletsboksprinsipp
- Permutasjonar og kombinasjonar
- Binomialekoeffisientar og binomialformelen
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emne har følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
- Studenten skal kunne forklare samanhengen mellom regulære uttrykk og endelege tilstandsmaskiner
- Studenten skal kunne gjere greie for grunnleggande teknikkar for teljing og vita når ein kan bruke dei
- Studenten skal kunne forklare samanhengen mellom bereignbarheit og kardinalitet
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- Bruke tilstandsmaskinar og grammatikkar for å sjekke om regulære uttrykk tilfredsstillar ein grammatikk.
- Bruke formelle metodar (språk, tilstandsmaskinar) for å presisere datamaskinens verkemåte
- Studenten skal kunne berekne kardinaliteten til gitte mengder og anvende teknikkar for teljing.
Generell kompetanse
Studenten skal kunne:
- Ha forståing for grensen av datamaskinens verkemåte og forstå dette i samspelet mellom den teknologiske utviklinga og samfunnet
- Forstå matematiske tenkjemåtar og metodar, og formidle desse skriftleg og munleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT101 Diskret matematikk 1
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og gruppeøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
To obligatoriske innleveringar må vere levert og godkjend innan fastsette fristar for at studenten skal gå opp til eksamen.
Godkjende innleveringar gir også adgang til eventuell utsett eksamen i påfølgande semester. Ved utsatt og ny eksamen neste gang emnet undervises, må nye øvelser leveres.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 3 timar.
Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MAT102 - Diskret matematikk og statistikk - Reduksjon: 5 studiepoeng