JU6-1000 Forretningsjus
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studenten ei innføring i sentrale forretningsjuridiske tema; avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs. I tillegg gis ei innføring i juridisk metode, altså korleis ein går frem for å fastleggja innhaldet av rettsreglar og løyse konkrete rettsspørsmål.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal
- ha kjennskap til sentrale rettsreglar innanfor temaene avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling og konkurs.
- ha grunnleggjande kjennskap til juridisk metode
Ferdigheiter:
Studenten skal
- kunne løyse juridiske problemstillingar innanfor temaene avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, arbeidsrett, pengekravsrett, økonomisk kriminalitet og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling og konkurs.
Generell kompetanse:
Studenten skal
- vere medviten om jussens rolle i samfunnet
- vere merksam på at jussen set rammane for handlingsrommet til offentleg og privat verksemd, og viktigheta av å opptre innanfor desse grensene på ein føremålstenleg måte.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, oppgåvegjennomgang i plenum og skriftleg arbeidskrav.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eit skriftleg arbeidskrav
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Næringslivets lovsamling (Sverre Faafeng Langfeldt) og/eller Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter og rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettene, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), og nettbasert bokmål/nynorsk ordbok.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- JU6-101 - Forretningsjus for rekneskapsførarar - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
- JU6-103 - Jus for eiendomsmeglere 1 - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
- EM6-1003 - Jus for eigendomsmeglarar 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng