Hopp til innhald

MAS539 Hydrogenteknologi

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I ei verd på veg bort frå fossile energikjelder og på veg mot fornybare energikjelder, vert hydrogen som energiberar meir og meir aktuell. I dette emnet vert det gjort greie for produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen- blant anna i brenselceller. Det vert fokusert på teknologi, men relevante tverrfaglege betraktningar inkluderast også for å presentera eit heilskapleg bilete.

  • Metodar for hydrogenproduksjon, som til dømes dampreformering, elektrolyse, pyrolyse og gassifisering av biomasse
  • Lagring og distribusjon, på land og på sjø
  • Bruk som energiberar og i industrielle prosessar, inkludert brenselceller
  • Verdikjeder og økonomi i hydrogenprosjekt
  • Sikkerheit ved drift av hydrogenanlegg - lover og forskrifter

Læringsutbytte

Kunnskapar:

  • Har inngåande kunnskap om hydrogen og ulike hydrogenberarar sine eigenskapar og oppførsel, inkludert sikkerheitsaspekt
  • Kan greie ut om dei viktigaste metodane innan hydrogenproduksjon, -distribusjon og -bruk
  • Har kunnskap om dei grunnleggjande elektrokjemiske prosessane knytta til hydrogenteknlogi, inkludert enkelte formlar og kjemiske likningar
  • Har kunnskap om oppbygginga av hydrogen brenselcelle- og elektrolysørsystem, inkludert komponentar og korleis dei fungerer
  • Kjenner til gjeldande forskrifter og lovverk i Noreg innan sikkerheit for hydrogenanlegg
  • Kjenner status for utvikling av hydrogenteknologi i Noreg og globalt, inkludert relevante døme på hydrogenprosjekt i Noreg

Ferdigheiter:

  • Kan gjere overordna energiberekningar angåande bruk av hydrogen som energiberar
  • Kan vurdere hydrogen som energiberar mot alternative løysingar i energiprosjekt
  • Kan reflektere rundt barrierer og mulegheiter for implementering av hydrogen verdikjeder
  • Kan utføre enkle elektrokjemiske eksperiment på laboratoriet

Generell kompetanse:

  • Kjenner grunnleggjande rutiner for trygg bruk av hydrogen på laboratoriet
  • Skriving av labjournal
  • Kan reflektere over eigen fagleg utøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kjemi og termodynamikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, øvingsoppgåver, quizar, labøving. Ekskursjonar så langt det er mogeleg.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vil bli gitt to (2) prøver med fleirvalsoppgåver knytt til pensum. Begge prøvene må vere godkjent. Det vil også vere ei obligatorisk labøving med labjournal, som eit arbeidskrav.

Desse tre (3) arbeidskrava må vere gjennomført til fastsatte fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Arbeidskrava er gyldige i fire (4) semester, totalt.

Vurderingsform

Munnleg eksamen (individuell), 30 minutter.

Tid og stad for eksamen vert stadfesta på emnet sin læringsplattform.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ny munnleg eksamen vert arrangert i påfølgjande semester dersom ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MAS307 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • HYD801 - Hydrogenteknologi I - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • HYD802 - Hydrogenteknologi II - Reduksjon: 5 studiepoeng